Samarbeider om garnfiske av aure i Opsangervatnet

Vetle André Remme Olsen med ein fin aurefisk. (Foto: Geir Remme).

Vetle André Remme Olsen med ein fin aurefisk. (Foto: Geir Remme).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Kvinnherad ungdomssenter og Sportsfiskaren Kvinnherad samarbeider om utfisking av småaure i Opsangervatnet ved hjelp av garn.

DEL

Sist haust fekk ungdomssenteret over 30.000 kroner til båt, garn og utstyr frå Fiskefondet til Kvinnherad Kommune. Prøvefisket rett etter påske gav 18 kilo fisk, med ei snittvekt på rundt 120 gram. Med andre ord mykje fin steikefisk på seks netters fiske, med lenke på to garn.

Vil nokon fanga aure i vatnet stiller ungdomssenteret med gratis fiskekort, båt, garn og utstyr til dei som måtte vera interesserte. Dette gjeld fortrinnsvis ungdomssenteret sine brukarar med foreldre, men vil òg ved ledig kapasitet gjelda andre interesserte.

I dette samarbeidet må vi forholda oss til eit reglement, som alle må lesa og skrive under på, og vi forpliktar oss til å registrera og rapportera fangsten vidare til Sportsfiskaren Kvinnherad. Målet er å auka storleiken og kvalitet på fisken i vatnet. Aure på over 300 gram skal setjast ut igjen, og i enkelte soner i vatnet er det ikkje lov å setja garn. Utlån av utstyret blir i ungdomssenteret si opningstid. Meir info får du på ungdomssenteret.

Artikkeltags