Fekk deformert torsk

«Korthale»: Arne Johnny Jensen syntest denne torsken såg rar ut då han fiska den utanfor Bogsnes. Det er ein såkalla «korthale». Foto: Arne johnny jensen

«Korthale»: Arne Johnny Jensen syntest denne torsken såg rar ut då han fiska den utanfor Bogsnes. Det er ein såkalla «korthale». Foto: Arne johnny jensen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

To ulike hobbyfiskarar fekk merkelege torskar på kroken.

DEL

Widar Sahr fiska med stang frå Bogsneskaien, og fekk ein torsk med altfor kort underkjeve. Då han la bildet ut på Facebook la også Arne Johnny Jensen ut eit bilde av ein torsk han hadde fått, som hadde ein noko rar kroppsfasong.

Havforskingsinstituttet

Kvinnheringen har sendt begge bilda av fiskane til seniorforskar Terje van der Meeren ved Havforskingsinstituttet.

– Den første fisken har ein hovudfasong og ein deformert underkjeve som liknar litt på det som vi har sett blant oppdrettsfisk. Men det ser ut som denne fisken har vore i sjøen ei stund, på grunn av dei svarte prikkane på hovudet. Det er vanleg at fiskar får desse prikkane, som er ein parasitt, når dei står i tarebeltet. Om det er ein rømd oppdrettsfisk, har den i så fall vore ute av merden ei god stund og klart seg på eit vis.

Van der Meeren legg til at han ikkje har sett eller høyrt om slik deformering med kortare underkjeve på villfisk, men at det heller ikkje kan utelukkast.

«Korthale»

Når det gjeld den andre fisken seier han at det er ein såkalla «korthale», ein fisk med samanvokste ryggvirvlar.

– Det er ei liding vi også ser blant oppdrettsfisk. Men fordi finnane på denne fisken er ganske heile og fine, ser det ikkje ut som denne torsken har vore i ein merd ut frå det eg kan sjå på bildet.

Han seier torsk og annan fisk av og til har deformeringar i skjelettet, ein feil som kan skje under utviklinga, også på villfisk. «Kongetorsken» med inntrykt snute er eit døme på dette.

– Vi har utført undersøkingar med røntgen der vi har sett på deformeringar i oppdrettstorsk som har ete naturleg dyreplankton eller det mindre næringsrike hjuldyret i larvestadiet. Sistnemnde fører til auka mengd av skjelettdeformitetar hos oppdrettstorsken. Det er også ein viss andel av villtorsken som har feil i ryggsøyla som ein ikkje kan sjå på fisken med det blotte auga. Det viser at feilutviklingar hos villfisk er ein naturleg ting, men i og med at vi får så mykje derformeringar i oppdrettstorsk er det sannsynleg at det skjer noko tidleg i utviklingsfasen, og vi trur ernæring er ein viktig del av det.

– Kor alvorleg ser de på slike deformeringar?

– Om ei deformering er alvorleg kjem an på om den er til hinder for torsken når det gjeld å skaffa seg mat eller å unngå å bli eten av predatorer, til dømes større fisk. I naturen vil deformitetar vera meir alvorleg for eit individ enn i oppdrett. Det er særleg i dei tidlege livsstadia som larver og yngel at dette er kritisk, for då er det langt fleire moglege predatorar sidan torsken er så liten.

Van der Meeren legg til at ein deformitet som gjer det vanskeleg å skaffa seg mat vil føra til redusert vekst, som igjen gir større sjans for å bli eten sidan torsken forblir liten over eit lengre tidsrom, samanlikna med artsfrendar som ikkje har deformitetar. Dette vil også vera med på å forklara kvifor ein sjeldan finn synlege deformitetar i naturen. Deformitetar som er så store at dei påverkar fisken sitt høve til å røra på seg, eller skaffa seg mat, fører sannsynlegvis til redusert overleving. I oppdrett kjem maten av seg sjølv, og predatorar er ikkje til stades. Fisk med sjølv store deformitetar vil derfor kunne klara seg bra i ei merd, seier van der Meeren.

– Om oppdrettstorsk rømer frå merden så er ikkje det bra, anten den er deformert eller ikkje. Rømd torsk kan ha andre gen enn villtorsken og såleis kunna påverka tilpassa gener i den lokale torskestamma. Sidan me trur at deformitetar først og fremst er knytt til ernæring så vil ikkje deformitetane arvast. Men det er framleis mykje me ikkje veit på dette området. Rømd fisk er uansett ikkje bra, avsluttar seniorforskaren.

Artikkeltags