Naturoppsynet var ute og kontrollerte fiskereiskap på fredag, og tok beslag i ei ulovleg teine som ikkje var merka og ikkje hadde rømmingsveg.

– Det er snart hummarfiske, og vi oppmodar igjen om at dei som skal fiska etter hummar sjekkar at utstyret er rett merka, at det har rømmingsveg og les seg opp på reglar for kor djupt det skal stå. Det har vore ein del beslag i ulovleg fiskereiskap i løpet av sommaren, fortel politiførstebetjent Stig Dagfinn Tveiten.