«Kampen for ei berekraftig havbruksnæring»

Av
DEL

MEININGARKommunevalet nærmar seg, og dei fleste av oss tenkjer gjennom kva parti som fortener vår røyst. Vi har alle saker som vi er opptekne av og som vi ynskjer skal få gode løysingar. Ofte tek vi utgangspunkt i det som omgir oss, og våre lokale forhold.

Hardangerfjorden har i fleire tusen år vore ein viktig del av livsgrunnlaget for samfunna her. I dag er Hardangerfjorden langt på veg overteken av oppdrettsindustri og cruiseskip, begge industriane pressar på for å få auka sin aktivitet i fjorden.

Frå oppdrettsindustrien har kommunen motteke 40 millionar kroner førre året, det skal vi ikkje bagatellisera. Men det har ein kostnad for miljø og natur som vi heller ikkje skal bagatellisera. Dei største miljøproblema med lakseoppdrett er knytt til opne merdar. Store mengder kjemikaliar nytta til avlusing blir dumpa rett i sjøen, og ein del av desse er svært giftige for ulike reker og andre skaldyr. I tillegg føregår det ei omfattande oppfisking av leppefiskar som alle har sine naturlege funksjonar i strandsona. Dette uroar både folk flest og styresmaktene. Den fulle konsekvensen av denne produksjonsforma har vi truleg ikkje sett enno. Den auka lusemengda som lakseoppdrett i opne merdar medfører, gir auka dødelegheit på villaks og sjøaure, og mange av bestandane i Hardangerfjorden er nede for teljing. I 8 av 10 undersøkte laksebestandar i Hardangerfjorden er det påvist store genetiske endringar grunna rømt oppdrettslaks, jfr Genprosjektet.

Det finst fleire typar lukka og semilukka flytande oppdrettsanlegg. I desse dagar leverer til dømes eit lukka oppdrettsanlegg Akvadesign i Brønnøysund sin laks til marknaden. Det er eit framsteg. Framtida for norsk lakseoppdrett ligg i enkle tiltak som lukka og semilukka anlegg, slik talspersonar for Norsk industri har påpeika ved fleire høve. Havbruksnæringa er viktig. Kvinnherad er ein stor oppdrettskommune og har mykje å tena på at næringa utviklar seg berekraftig med minst mogleg miljøavtrykk. Difor bør Kvinnherad påta seg ei vertskapsrolle for eit nasjonalt pilotprosjekt på lukka og semilukka anlegg, der ein størst mogleg del av produksjonen føregår med ei redusert miljøbelastning i fjorden vår. Slik kan Kvinnherad posisjonera seg i utviklinga av nye kompetansearbeidsplassar i ei framtidsretta oppdrettsnæring.

Miljøpartiet går inn for omlegging av oppdrettsindustrien i retning berekraft og lukka anlegg, og ein Hardangerfjord for folk flest.

Svein Ingvald Opdal

MDG Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags