– Vi opplever eit stabilt, godt sal heile året gjennom. Men no er tidene ekstra gode, grunna stor etterspurnad og gunstig kronekurs. Sistnemnte gjer fisken rimelegare for forbrukaren i utlandet, seier Carl-Erik Arnesen.

Han er direktør for sal og marknad i Alsaker Fjordbruk, og sidan 1. januar har han i tillegg vore dagleg leiar for Viking Fjord på Sunde. I lag med produksjonssjef ved Viking Fjord, Kjetil Haktorson, har han teke imot Kvinnheringen for å syna fram ein travel og produktiv arbeidskvardag ved slakteriet. Her tar dei dagleg imot levande fisk som kjem med brønnbåt frå Alsaker Fjordbruk sine oppdrettsanlegg i 13 kommunar i Hordaland og Rogaland.

– På denne tida, når vi «slaktar roleg», slaktar 65 tilsette rundt 100 tonn om dagen. I travlare periodar, når vi går på såkalla 10-timarsskift, er vi 75 tilsette, og slaktar rundt 120 tonn om dagen, seier Haktorson.

Etter slakting og pakking på Sunde, blir fisken sendt anten med vogntog til Europa eller med fly til andre kontinent.

– Det aller viktigaste eksportlandet vårt er Japan. Japanarane et 75 kilo fisk per år, som er mest i verda. Det er dobbelt så mykje som oss nordmenn, som et nest mest, fortel Arnesen, som har 35 år bak seg i sjømatbransjen.

– Rapporterer annakvar dag

Han seier at sushi-trenden er éin viktig grunn til at etterspurnaden etter norsk laks har «teke av».

– Ein plar seia at det er norsk laks som har fått sushien ut i verda, smiler han.

Ein er blitt meir og meir bevisst rundt kva ein et, fortel dei.

– Laks er eit rimeleg, sunt og reint produkt, som går an å eksperimentera mykje med. Dette har verda oppdaga, og etterspør difor laks som aldri før, seier Haktorson.

Dei legg til at mat er nokså uavhengig av konjunkturane i samfunnet elles.

– Mat må folk ha, uansett.

Oppdrettsbransjen har elles måtta tola sterkt søkjeljos på verksemda si, særleg i høve til lakselus, som kan vera farleg for villaks. Så lite som 0,1 prosent av bevegeleg lakselus på kvar laks i eit oppdrettsanlegg krev tiltak av oppdrettarane.

– For å seia det sånn; det er vel svært få bransjar som er så gjennomkontrollerte som vår, og det er ikkje til å koma ifrå at vi synest vi får ei nokså urettvis merksemd frå media til tider. Vi har gjort oppteljingar på det, og ser at vi faktisk rapporterer om verksemda vår til ulike styresmakter annakvar dag. Det strenge regelverket gjer det ganske tungt å driva i denne bransjen til tider, samstundes som det gjer det veldig trygt for kunden, og det er det viktigaste, påpeiker dei to.

Med knalltøffe tider i andre næringar har Alsaker-konsernet opplevd ein langt større pågang enn tidlegare frå folk som vil ha arbeid.

– Å rekruttera arbeidskraft er ein takksam jobb om dagen. Vi har mange ulike yrke innanfor denne næringa, og vi opplever at vi er blitt ein veldig attraktiv bransje for mange, ja.

– Har de nådd toppen i sjømatbransjen no?

– Nei, eg trur ikkje det finst nokon topp. Befolkninga aukar i verda, og menneske må ha mat. Då er mat frå sjøen av det mest berekraftige, difor har også FN definert marine næringar som eit viktig satsingsområde for å dekkja aukande etterspurnad etter mat også i framtida. Og få land har ein geografi så veleigna for oppdrett av fisk som Norge har, sluttar Arnesen.