Ferjesamband ute av drift

Ferjesmabandet Skånevik - Matre - Utåker er ute av drift.

Ferjesmabandet Skånevik - Matre - Utåker er ute av drift.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Rett før klokka 15.00 slutta ferja å gå i ferjesambandet Skånevik-Matre-Utåker, på grunn av teknisk svikt. Det er ferja MF Fitjar som trafikkerer sambandet for tida.

Kvinnheringen har ikkje lukkast i å få nokon kommentar frå Norled. Ved ruteopplysningen 177 kunne dei heller ikkje seia noko om kor lenge sambandet vil vera ute av drift. Vi blir der råda om å kontakta informasjonssentralen til Norled, men der der det stengt. På Norled sine heimesider står det ei melding lagt ut klokka 15.03, at sambandet er mellombels stengt.

Ved 17.30-tida er det grunn til å tru at det ikkje vil gå ferjer dei neste timane.

Ved 18.30-tida melder Norled at reserveferje er på veg , og at den vil vera i drift mellom 21.00 og 22.00 torsdag kveld.

Artikkeltags