Fjelberg Kraftlag blir aksjeselskap

Eit viktig steg på vegen mot fusjonen mellom Fjelberg Kraftlag og Haugaland Kraft er i boks.

DEL

Ein heilt fersk firmaattest frå einingsregisteret stadfestar at den omsøkte endringa frå SA (samvirke) til AS (aksjeselskap) er i orden. Frå no av er Fjelberg Kraftlag eit aksjeselskap, som heile tida har vore ein føresetnad for å kunna gjennomføra den omtalte fusjonen.

– Selskapet driv vidare som før i tett samarbeid med Haugaland Kraft, i påvente av endeleg vedtak i generalforsamlinga om samanslåing med Haugaland Kraft AS, skriv styreleiar Sverre Olav Handeland i ei pressemelding i dag (torsdag).

Han tek sikte på å avhalda generalforsamlinga i løpet av april, og jobbar nett no med å koma fram til ein korona-korrekt måte å gjera det på. Alle aksjonærane, som inntil no har heitt medlemer, skal få høve til å avgi stemme. Også aksjonærane i Haugaland Kraft skal stemma over fusjonen. Der er generalforsamlinga dagsett til 30. april.

Framdriftsplan og meir informasjon kjem etter kvart.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags