Svar til Gerhard Eide med fleire

Av
DEL

MEININGAR:Nokre av mine gode vener på Halsnøy er overraska over mine synspunkt i Fjelberg Kraftlag-saka. Det burde det ikkje vera grunnlag for. Eg har i fleire innlegg gjort grundig greie for meiningar og motiv. Eg føler at desse står på rimeleg trygg grunn, etter å ha vore styreleiar i Fjelberg Kraftlag gjennom fleire år, i den tida då den nye Samvirkelova tredde i kraft og laget måtte omdannast frå partlag til samvirkelag. I tillegg hadde eg verv som styremedlem i SKL AS i fire år. Der sat eg rundt styrebordet saman med representantar frå både BKK og Haugaland Kraft, m.a. då pengemaskinen Blåfalli V (Vik i Matre) vart opna. Eg var både stolt, glad og audmjuk for at eg fekk lov å vera med på denne storhendinga, der både statsråd, tillitsvalde og tilsette i mange kraftlag og representantar frå ei rad leverandørar var til stades. Eg hugsar eg mintest far min sine ord frå barndommen, då eg spurde og grov om me ikkje kunne få tusen kroner for dei 10 partbreva i Fjelberg Kraftlag som låg i ein kommodeskuff heime i stova: «Nei, dei er ikkje verdt noko», sa han. «Men me må ta vare på dei, for det er takka vera Fjelberg Kraftlag og Sunnhordland Kraftlag at me har elektrisiteten». Og Matre var staden me reiste til når besøkjande slekt og vener skulle få sjå det som me verkeleg hadde å vera stolte av. Eg er nok ikkje den einaste som kjenner på den nedarva medeigarskapen i SKL. Difor er det mange med meg som reagerer på planane. Det er ikkje berre eit kapittel som er til endes. Heile boka skal latast att, for godt.

Men eg vil gjerne kommentera spørsmåla som Gerhard m.fl. stiller i eit nokså personleg retta innlegg til meg:

Bakgrunnen

Styreleiar Sverre Olav Handeland har ved fleire høve, noko som er grundig dokumentert, gitt uttrykk for at tida er inne til å leggja ned kraftlaget heilt, «slakta grisen», «ta ut sloa» dvs. å selja alt, leggja ned og la medlemmene få utdelt formuen. Han gjorde på årsmøtet 5. juni 2018 greie for at det kunne verta rundt 150.000 kroner «i lomma» på ein gjennomsnittsfamilie, i løpet av kort tid. Eg spurde på dette møtet om styret ville leggja fram noko skriftleg, m.a. utgreiingar av alternative løysingar. Dette vart lova klart og tydeleg, men kom aldri. På informasjonsmøtet midt i oktober kom det heller ikkje noko skriftleg, men derimot sterke oppmodingar til medlemmene om å «halda kjeft» om hensikta med omdanninga til AS. I den grad nokon har gjort «opphausing» av saka, så starta det på desse møta!

Billegsalg

Det å dela ut heile vår formue, skapt gjennom 70 år, på denne måten, var etter mitt syn ikkje rett. Eg kontakta vår fremste juridiske ekspertise på dette med lokale kraftverk og samvirkelova, advokat Knud Lorentzen, og orienterte han om planane, slik dei var presenterte av leiinga under informasjonsmøtet. Han var «sjokkert og rysta». Eit slikt opplegg ville etter hans meining vera «lovstridig». Eg gjorde hans ord til mine og gjekk ut i lokalpressa. Måten det vart reagert på, m.a. ved at styreleiar tok i bruk ord som «kriminelt, sludder, vås og pølsevev» gjorde meg enno meir overtydd om at noko var fundamentalt gale i opplegget. I samråd med familie og andre støttespelarar (også frå Valen!) bestemte eg meg for å bruka tid og pengar på å stoppa desse planane og starta arbeidet med eit betre alternativ. At dette vert oppfatta som uheldig og negativt får så vera. Eg meiner at det må vera lov i eit lag med 70-års rik tradisjon å gje plass for minst to ulike syn i denne saka. Nå syner ein uavhengig konsulentrapport at me står i fare for å selja SKL-posten 20% under dagens marknadsverdi. Denne blei lagt fram på informasjonsmøtet som me skipa til måndag 3. desember. Samstundes har folk med lang erfaring i bransjen slått fast på spørsmål frå Kvinnheringen at vasskraftproduksjon har svært gode utsikter i mange år frametter. Ikkje rart at Haugaland Kraft svært gjerne vil ha hand om denne aksjeposten.

Om nettleiga

Det er heilt rett som Gerhard skriv, at me er einige om at det ikkje er råd å driva FK vidare som i dag. Nettleiga ligg 4-5.000 kroner over det ein kan få ved å slå seg saman med andre og få fleire å dela kostnaden på. Det pussige her er at styret då vil gå saman med eit lag som har rundt 80.000 nettkundar (HK), i staden for eit med 220.000 (BKK) og som ligg mellom dei beste i landet når det gjeld låg nettleige. Kvifor vert ikkje medlemmene gjort merksame på at ein rapport syner at differansen mellom dei to selskapa vil auka til opp mot 3.000 kroner i året for eit vanleg hushald? Og sjølvsagt mykje, mykje meir for næringslivet og andre storkundar. Synest ikkje Gerhard og styret at dette er relevant informasjon? Som Terje Enes uttaler i Kvinnheringen sist fredag, er det einaste logiske å gå saman med BKK, dersom målet er lågast mogeleg nettleige. Slike fakta bør vega tungt for næringslivet, som vil tena hundretusenvis i året på å gå inn for det alternativet som gjev den rimelegaste nettleiga.

Mange byrjar nå å stilla spørsmål om det verkeleg er lågare nettleige som er målet, eller om det først og fremst er at Haugaland Kraft skal få hand om nettet og dei andre verdiane våre, deriblant SKL-aksjane? Det er etter kvart mange som undrast på dette.

Eigarskap, pris, aksjeutbytte og honorar

Gerhard Eide presenterer reknestykke som syner at det er meir lønsamt for oss å verta eigar i HK i staden for direkte i SKL. I all næringsverksemd er det barnelærdom at det ikkje er overskotet som aksjonærane får utbetalt. Det er berre den delen av overskotet som vert avsett til utbytte, ofte kalla «utbyttegrad». Haugaland Kraft AS driv med både nettdrift, breiband og straumsal, i tillegg til å vera storeigar i SKL. Dei er av NVE pålagt å setja av store midlar til framtidig vedlikehald av og investeringar i lokal- og regionalnetta som dei har ansvar for. Dei har den siste tida kjøpt fleire dyre, mindre nettselskap for å få hand om meir av aksjane i SKL. Dette avgrensar moglegheita til å halda høg utbyttegrad i HK, sjølv om overskotet på papiret kan sjå stort ut. Vidare kan dei ha ansvarlege lån til enkeltaksjonærar som også må nedbetalast av overskotet. Då vert det enno mindre att til utbytte. Alt anna overskot enn det som kjem av eigarposten i SKL lyt HK i stor grad henta frå nettdrifta si, inklusiv breiband og straumsal. Skal dei generera store overskot og verdistigning frå denne delen av drifta, er det kundane som lyt finansiera veksten. Det kan verta dyrt for abonnentane!

SKL, som er eit reint produksjonsselskap, betalte i fleire år ut 100% av overskotet til aksjonærane. No har utbyttegraden i mange år lege på 75%, ein av dei beste utbyttegradene i marknaden. Som storeigar i SKL vil Haugaland Kraft kjempa for ein høg utbyttegrad i SKL, noko som vil komma oss til gode om me held på aksjane våre. Å sitja på same side av bordet som Haugaland Kraft i SKL er ingen dårleg plass å sitja. Då er me garantert å følgja den utbyttegrad som dei treng. Og dei og aksjonærane deira, treng mykje.

Avslutningsvis vert det stilt nokre spørsmål for å så tvil om andre alternativ enn styret sitt. I rapporten frå det uavhengige rådgivingselskapet Cloudberry Advisors vert nettet til Fjelberg Kraftlag stipulert til ein verdi på 56 mill. kroner. Dette er langt meir enn dei 30 mill. som Gerhard Eide kastar fram. Vidare vert det hevda at utbyttegraden i SKL vil verta redusert frå 75% til 60% av eit forventa overskot på 300 mill. Har storaksjonæren Haugaland Kraft råd til å redusera den årvisse utbyttegraden i SKL frå 75% til 60%? Eg tvilar på det! Men sjølv om dei skulle gjera det, vil det berre auka verdien av selskapet og aksjane våre. Redusert utbyttegrad gjer at meir av overskotet vert tillagt eigenkapitalen. For oss vert det vinn-vinn, uansett.

Saman med avkastning av investeringa vår i Kvinnherad Breiband og utbytte av inntekta frå sal av nettet, vil nok utbyttet vårt for 2018 nærma seg 8 mill. kroner. Eide nemner i denne samanheng utgifter til administrasjon og styrehonorar. Administrasjon vil kunna haldast på eit minimum når ein ikkje lenger har nettdrift. Og erfaringane frå den siste tida peikar mot at ein bør avskaffa alt som heiter styrehonorar i kraftlaget. Det fins mange engasjert, dyktige menneske som brenn etter å kunna gjera ein innsats vidare, utan at dei vil gjera krav på honorar!

Skatt, dei tilsette og betaling

Me lever i eit samfunn der me lyt betala skatt av pengar som kjem inn. Det er ille at styret har latt det skina gjennom at etter deira opplegg kunne folk flest ha fått ut oppgjer for aksjeposten sin utan at det vert skatt av det. Det står ikkje skrive nokon stad, men saka vart så lettvint omtalt på informasjonsmøtet at mange gjekk frå møtet med dette inntrykket. Og fortalde det vidare til andre. Det reielege ville ha vore at ein sa klårt ifrå om at det for den enkelte vil komma over 30% gevinstskatt på ei slik utbetaling. Nå vil dette rett nok ikkje skje, etter stiftelsestilsynet si klåre melding om den saka. Men det må vera eit tankekors for dei som har fått inntrykk av at ei utbetaling på t.d. 150.000 kroner ville vera «rein netto». Slikt skjer berre i «eventyrland», i alle fall ikkje i Noreg i 2018 (19). Staten ville vore den store vinnaren om styret sine planar hadde gått gjennom, med ein «gevinst» på nærare 100 mill. kroner i skatt på dei utdelte midlane.

Når det gjeld dei tilsette, så er dei godt sikra sine rettar gjennom lov og forskrifter, uansett kven som kjem til å kjøpa nettet. Av erfaring frå andre stader, t.d. Stord og Skånevik, veit ein at dei tilsette lyt ha meir enn fagre løfter frå det overtakande nettselskap. Det skal dei verta sikra.

Til sist: Eg har ikkje antyda at det er fare for at Haugaland Kraft ikkje betaler, slik Gerhard Eide skriv. Det skulle då berre mangla av eit seriøst kraftselskap! Men eg har stilt spørsmålsteikn ved advokatrekninga, som truleg er på god veg oppover frå 1 mill. kronersmerket og som Haugaland Kraft ifølgje styreleiar har lova å betala, berre me røystar slik dei vil. Eg tviler sterkt på at styret har sikra Fjelberg Kraftlag sine interesser så godt at HK betaler advokatrekninga dersom dei ikkje får hand om SKL-aksjane. Då lyt nok Fjelberg Kraftlag sjølv ta denne kostnaden. Men sikrar vi SKL-aksjane våre, har vi økonomisk ryggrad til å bera denne ekstrarekninga, sjølv om det er «sure pengar».

Til sist står det berre att å ønskja kvar og eit medlem eit godt val!

Per Ove Kviteberg

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags