Han meiner det rette denne veka hadde vore å konsentrera seg om omdanninga til aksjeselskap, då det berre er den som skal opp til røysting på det ekstraordinære årsmøtet torsdag.
– At selskapet skal bli eit aksjeselskap er noko dei fleste er samde om. Kva det skal fyllast med, er ein diskusjon vi kan ta etter at det formelle med omdanninga er i orden. Styret har antyda at det vil gå av dersom det blir nei til omdanning på torsdag. Det bør ikkje styret gjera. Etter mitt syn er det fullt mogleg å halda fram i rollane – uansett kva det blir til framover, meiner Gerhard Eide.
Vi spør om han elles er fornøgd med informasjonsmøtet.
– Mykje av det analytikaren sa gjekk nok over hovudet på dei fleste av oss, men elles var møtet heilt greitt.
– Vart du klokare?
– Eigentleg ikkje.
– Har du forandra syn på noko?
– Nei. Framleis står eg på styret si side. Styret har gjort ein god jobb, og Haugaland Kraft har gitt eit godt tilbod. Det er synd om denne prosessen skulle bli stoppa no, hevdar Eide.