Kampen er over

Per Ove Kviteberg gir seg på tap.

Per Ove Kviteberg gir seg på tap. Foto:

Per Ove Kviteberg gjorde kva han kunne for å stoppa prosessen som har gått føre seg frå styret i Fjelberg Kraftlag si side. No gir han seg.

DEL

 

Kviteberg vil behalda SKL-aksjane på lokale hender, medan styret vil la dei gå med i handelen fram mot samanslåing Haugaland Kraft. På årsmøtet 6. desember vart det klart at eit stort fleirtal av medlemane har tillit til den jobben styret gjer.

– Eg vart ikkje overraska over resultatet av møtet. Eg meiner å ha fått synet mitt svært godt fram til medlemane om kva som er i spel her, formuen i Fjelberg Kraftlag som er bygd opp i fellesskap gjennom 70 år. Når så mange likevel seier ja til opplegget, lyt ein innsjå at dette er viljen til medlemane i Fjelberg Kraftlag. Standpunktet er basert på klare og godt utgreidde alternativ. Eg ser difor ingen grunn til å føra den kampen vidare, kommenterer Kviteberg og legg til:

– Men det blir interessant framover å sjå om prisen på selskapet er så god som det vart hevda. Eg meiner, til liks med uavhengige fagfolk i bransjen, at SKL-aksjane åleine er meir verdt enn heile kjøpesummen som er avtalt med Haugaland Kraft. Vi får ein god peikepinn på dette alt til våren, når det vert kjent kor store utbytte SKL og Haugaland Kraft kjem med for 2018. Då blir det enkelt å rekna ut kva aksjepost som er mest lønnsam.


Samvirkeformuen

Kviteberg er, som kjent, også svært skeptisk til at formuen skal delast ut til medlemane.

– Som det har gått fram, er det første gong i historia at ein freistar å fordela ein samvirkeformue av denne storleiken på medlemane. Det blir svært interessant å sjå korleis dette kjem til å gå. Advokat Knud Lorentzen, som eg har nytta som ekspert i denne saka, har langt mindre tru på at det vil gå gjennom enn kva styret sine advokatar har, for å seia det forsiktig. Men dette vil tida visa. Det er uansett ikkje rett å snakka om «vinnarar» eller «taparar» i denne saka. Kva no det endelege utfallet måtte verta, så vert me alle vinnarar. Ei usemje om korleis ein formue på 3–400 millionar skal forvaltast er jo eigentleg eit luksusproblem, avsluttar Kviteberg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags