Kviteberg går til formannskapet

Per Ove Kviteberg vil ha saka om Fjelberg Kraftlag til politisk behandling.

Per Ove Kviteberg vil ha saka om Fjelberg Kraftlag til politisk behandling. Foto:

Per Ove Kviteberg ber formannskapet om å ta saka om Fjelberg Kraftlag på alvor.

DEL

I kraft av vervet som kommunestyrerepresentant for høgre har Per Ove Kviteberg sendt brev til formannskapsmedlemene og administrasjonen der han oppmodar politikarane om å ta stilling til det som er i ferd med å skje i Fjelberg Kraftlag. Han viser til at kommunen er den største medlemen i kraftlaget, og dermed den parten som vil få størst utslag av dei økonomiske konsekvensane. I brevet kallar han prosessen i Fjelberg Kraftlag for «eit openbart lovstridig opplegg».

– Kvinnherad kommune er ikkje eit vanleg medlem i denne saka, men ein stor aktør som har stort ansvar for at alt går rett for seg. Ikkje minst når det vert lagt fram premissar om avtaleklausular som ikkje kan gjerast offentlege, fordi ein då kjem i strid med lovverket ein er underlagt, skriv Kviteberg i brevet.

Heile brevet står som lesarinnlegg i papiravisa fredag.

LES OGSÅ:

– Styret har handla kriminelt, meiner Kviteberg (+)

– Vondsinna spekulasjonar og påstandar, svarar Handeland (+)

Setjerådmann

Konstituert rådmann Torstein Aarthun seier at administrasjonen er innstilt på å førebu sak til formannskapsmøtet 14. november, men at både han sjølv og ordføraren er inhabile fordi dei begge er medlemer av Fjelberg Kraftlag.

– Tysnes-rådmann Steinar Dalland er førespurt om å vera setjerådmann og saksførebuar. Det har han sagt ja til. Men ettersom det er formannskapet som skal velja setjerådmann, må det takast eit atterhald om at det skjer, seier Aarthun.

Dalland kjem frå ein kommune der kraftlaget nyleg fusjonerte med BKK gjennom ein liknande prosess som den Fjelberg Kraftlag og Haugeland Kraft er i.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags