Vi svingar nedom på Bjoaneset for å høyra kva dei tilsette meiner om det som skjer rundt dei for tida. Der møter vi fem av dei seks tilsette og ei unison haldning.

– Vi er svært fornøgde med den avtalen som er gjort med Haugaland Kraft, og også med den støtta vi har fått derfrå etter at den daglege leiaren vår slutta. I løpet av det siste halvåret har Haugaland Kraft vore sterkt involvert i den daglege drifta. Vi føler vi alt er ein del av ein større organisasjon som hjelper oss med både daglege rutinar og tunge prosjekt, kan dei fortelja.

Gjengen er glade for at Haugaland Kraft har garantert for arbeidsplassane på Bjoaneset i 15 år. Dei er også lova utvikling på arbeidsplassen og etterutdanning for dei som ønskjer det. Løns- og arbeidsvilkåra er dei same som før, og truleg vil det òg bli utviding av arbeidsstokken i samband med Haugaland Kraft sitt vedlikehald av delar av regionalnettet som går gjennom fastlands-Kvinnherad.

– Vi kjenner oss godt ivaretekne og ser lyst på framtida, seier dei.

Dei tilsette meiner at medlemane har hatt god tid på seg til å trekkja fram alternativ til det styret har jobba med. Forslaget som er presentert på vegner av Vener av Fjelberg Kraftlag har ikkje ivaretatt dei tilsette sine interesser. Det er frustrerande å koma opp med dette no når vi var nesten i mål.

Konklusjonen frå dei seks på Bjoaneset er klar:

– Møt opp på torsdag og støtt styret.