Kviteberg som jojo

Av
DEL

MEININGAR:Per Ove Kviteberg har teke på seg mange roller gjennom åra, og har hatt (har) mange hattar på seg. No har han teke på seg rolla som «jojo». Han slår vilt rundt seg, og prøver å treffa mest, og flest mogleg, på kortast mogleg tid. Rett nok seier han at etterpå skal me vera vener, og vel forlikte. Han om det. Det går for langt å kommentera alle utspela hans, då måtte eg ha gjeve ut eiga avis. (Det har eg ikkje høve til). Eg tek difor berre fatt i ei av utsegnene hans, og som eg synest er veldig viktig i debatten om kraftlaget si framtid. I eitt av mange oppslag på Facebook-sida si skriv han om «70. års sveitte.» I beste meining vil eg tru han tenkte på dei gamle som starta opp kraftlaget, og som kjøpte partar. Bestefar min Oskar var ein av dei. Han kjøpte tre lutar, kvar på 100 kroner. Det var mykje pengar i 1958, men dei fekk arvingane (eg) tilbake i 2009. Sjølvaste Per Ove Kviteberg var leiar i laget då, og eg var nestleiar. Det året gjorde årsmøtet om lutlaget til samvirkelag, og alle dei gamle luteigarane fekk tilbakebetalt, med renter. I melding til eigarar av partbrev i Fjelberg kraftlag 21. oktober 2009 rår Kviteberg årsmøtet om å løysa inn alle partbrev i Fjelberg kraftlag.

Han skriv i punkt 1: «Betale attende partinnskot med renter til alle gamle parteigarar som kan dokumentera eigarskap med partbrev i kraftlaget. Partinnskot på kr 100 vert forrenta med 4% rente per heile år rekna frå teikningsåret og utbetalt».

På ekstraordinært årsmøte 6. desember er det me som har bygd opp laget ved å ha betalt for dyr straum og nettleige som skal vedta å gjere selskapet om til eit aksjeselskap.

Annemor Ekeland

Valen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags