Fjelberg Kraftlag fekk endeleg nei frå stiftingstilsynet

UAVKLART: Fusjon lèt venta på seg. I mellomtida går drifta i Fjelberg Kraftlag som normalt.

UAVKLART: Fusjon lèt venta på seg. I mellomtida går drifta i Fjelberg Kraftlag som normalt. Foto:

Fjelberg Kraftlag har no fått det endelege avslaget på søknaden til Lotteri- og stiftelsestilsynet om omdanning frå samvirke til aksjeselskap. Kraftlaget klagar.

DEL

Etter ein del fram og tilbake har stiftingstilsynet no sendt det endelege avslaget på søknaden frå Fjelberg Kraftlag. Det avgjerande punktet for tilsynet er at for lite av verdiane i selskapet vert avsett til ei stifting for å fremja allmennyttige formål. Fusjonen med Haugaland Kraft er sett på vent grunna dette, då ein føresetnad for å gjennomføra den er at selskapet vert gjort om til eit aksjeselskap.

Styreleiar Sverre Olav Handeland seier at styret i kraftlaget alt er i ferd med å utforma ein klage på vedtaket, slik ein har lovfesta rett til innan tre veker frå avslag er mottatt.

Informasjon til medlemane

I dag får medlemane i kraftlaget skriftleg informasjon om situasjonen. Der gjer styret greie for prosessen, avslaget og styret sine innvendingar mot vedtaket.

«Kraftlaget har en rekke innsigelser til stiftelsestilsynets avslag, både av rettslig, faktisk og saksbehandlingsmessig karakter. Styret har derfor vedtatt å påklage stiftelsestilsynets vedtak til Stiftelsesklagenemnda. Foruten en endelig avgjørelse i den foreliggende saken fra et overordnet organ, er styret av den oppfatning at det er behov for en prinsippavklaring hva gjelder innholdet i kravet til «saklig grunn», sett hen til at tilsvarende kraftlag nylig har fått godkjent sine søknader om omdanning, hvor identiske hensyn som i den foreliggende sak gjorde seg gjeldende», skriv styret i informasjonsskrivet.

Alternativ

Styreleiar Handeland slår fast at inntil saka er endeleg avgjort, vil kraftlaget bli drive som vanleg, men at ein er begynt å sjå på alternative løysingar.

– For det tilfellet at det ikkje vert eit akseptabelt utfall i prosessen rundt gjennomføringa av fusjon med Haugaland Kraft, vil styret arbeida fram alternative løysingar som i si tid vert lagde fram for medlemane. Til dess vil kraftlaget bli drive som før, og følgja medlemane sine ønske lojalt opp, seier Handeland.

Den ordinære generalforsamlinga går av stabelen måndag 17. juni. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vil det her bli orientert om prosessen vidare.

Avslaget frå stiftingstilsynet ligg som ope dokument på tilsynet sine nettsider under «postjournal».

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags