Ferjebyte i Fjelbergruta

Laurdag morgon var det ferjebyte i Fjelbergruta, då «Ytterøyningen» overtok for «Sveio».

DEL

Edgar Sjo dokumenterte hendinga på Utbjoa og har delt bilda med Kvinnheringen, til glede for andre ferjeinteresserte kvinnheringar som me veit det er mange av.

Og det var fleire som fekk med seg ferjebytet. Eli Gundersen og Ivar Miljeteig har ferieplass like ved ferjeleiet på Borgundøy, og etter å ha fått «Ytterøyningen» på besøk, heiste dei flagget i pur glede.

– Den nye ferja har ei utforming og ein teknologi som er heilt strålande. Medan «Sveio» kom inn meir som ein snøplog, kjem «Ytterøyningen» inn mykje stillare og lagar nesten ikkje bølgjer. Det set vi stor pris på, og det gjer nok brukarane av båthamna her òg, fortel ei glad Eli Gundersen.

Ho og mannen er strålande nøgde med ferjebytet, og Ivar Miljeteig gjekk beint ned til ferja og gratulerte ferjemannskapet.

– For oss vart dette ein stor dag – vi er svært nøgde, seier Eli Gundersen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags