Melderskin mest populær

Utsikt frå Melderskin. Instagrambilde: Marianne Bøyum.

Utsikt frå Melderskin. Instagrambilde: Marianne Bøyum.

Artikkelen er over 3 år gammel

Melderskin har enno ein gong ny bestenotering i Fjelltrimmen i Rosendal.

DEL

– Dette trass i at sommaren var prega av dårleg vêr og mykje snø, skriv Kåre Eik i ei pressemelding frå turgruppa i Rosendal Turnlag.

Eit trekkplaster har nok vore den nye sherpastien ved Skarsklyp, halvvegs til Melderskin.

– Vi veit også at mange har hatt sjølve sherpastien som turmål, og snudd på Skarshaug, utdjupar Eik.

Nestmest-noteringar finn vi for Malmangernuten og Nordlifjell, og samla for alle toppar.

Registrering i vardebøkene:

Skaalafjell 501 moh.

2014: 4074

2015: 3948

Skeisfjell 1037 moh.

2014: 245

2015: 240

Malmangernuten 890 moh.

2014: 1831

2015: 1700

Nordlifjell 972 moh.

2014: 392

2015: 358

Melderskin 1426 moh.

2014: 1752

2015: 1754

Samla alle toppar

2014: 8294

2015: 8000

Fullført 5 toppar

2014: 113

2015: 101

Sjå dagens avis (måndag) for namn på alle deltakarane i Fjelltrim 2015.

Artikkeltags