Kom deg ut i Fjellhaugen

Artikkelen er over 4 år gammel

Den nasjonale Kom deg ut-dagen i regi av DNT vert arrangert søn-dag sjuande februar over heile langet, 154 stader.

DEL

Lokalt inviterer Kvinnherad Turlag til ein aktiv dag i Fjellhaugen skisenter, langrennsarenaen.

Vi ventar over 200 deltakarar til arrangementet og stiller med mange frivillige dette året, frå Barnas turlag, skigruppa i Uskedalen IL og ikkje minst elevar frå Rosendal ungdomsskule ved valfag friluftsliv.

Arrangementet er vorte tradisjon første søndag i februar og mange barnefamiliar stiller opp til leik og moro i snøen.

I Fjellhaugen blir det blant anna skileik, aking, leikar med og utan ski, konkurransar, turtipp m.m. Vi har gode folk som vil gje instruksjon om ski på ein god måte.

Vi erfarer at barna lærer å gå på ski gjennom leik og av andre vaksne enn foreldra, og ikkje minst i lag med andre barn.

Vi kjem også til å ha bål i bålpanner så folk kan grilla medbrakt mat.

Satsar på familiane

I 2016 satsar DNT ekstra på familiane. Over 200 Barnas Turlag over heile landet legg til rette for gode turar og aktivitetar både i nærmiljøet og til fjells.

Barnas Turlag i Kvinnherad har lagt planar for turåret og startar sesongen med skileiken. Vi har også planlagt ein klatredag, geologidag i Steinparken, padling i kano og kajakk på Opsangervatnet, og ein Kom deg ut–dag til hausten.

– Kom deg ut-dagane er dei største arrangementa vi har, og gir ein unik sjanse til å introdusera og inspirera fleire til å vera ute, bli kjent med DNT og vera med og prøva  friluftslivet sine gleder. 

Vi oppmodar alle om å ta turen til Fjellhaugen på søndag, helsar Kvinnherad Turlag.

Artikkeltags