Dugnadsgjengen i Fjellhaugen maktar ikkje oppgåvene stort lenger

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fjellhaugen skisenter ber om hjelp.

DEL

Dugnadsgjengen i Fjellhaugen maktar ikkje oppgåvene stort lenger. Derfor har styret søkt Kvinnherad kommune om å stilla med ein ansvarshavande.

I dag har skisenteret ein driftsleiar, Ivar Berge-Soldal, som blir betalt med 60.000 kroner i året til dekking av køyring og litt av arbeidet han gjer. Resten av jobben blir utført som dugnad av driftsleiaren og ein god dugnadsgjeng. Kvart år vert det gjort eit omfattande arbeid med vedlikehald, kontroll og drift av alpinanlegget, langrennsarenaen og Fjellhaugen Kraftverk.

I søknaden går det fram at Statens Jernbanetilsyn stadig stiller strengare krav til tryggleiken, og at kvalifiserte folk må vera inne i bildet der. Vidare at Berge-Soldal per i dag er den einaste personen i eigne rekkjer som er kvalifisert til å ta dette ansvaret. Problemet er at han har sagt frå seg jobben.

«Driftsleiaren har meldt frå om at han fråtrer stillinga si med grunngjevinga at det er for mykje arbeid og ansvar i tillegg til full jobb. Han er villig til å assistera oss ut 2019. Det hastar difor med å finna ei løysing for å unngå stopp i drifta. Kvalifiserte folk som har høve og vilje til å ta på seg arbeidet og alt ansvaret, veks ikkje på tre», skriv styret for skisenteret mellom anna i søknaden til kommunen.

Med 56,68 prosent av aksjane er Kvinnherad kommune hovudaksjonær i Fjellhaugen skisenter AS. Resten av aksjane er fordelte på idrettslag, bedrifter og nokre privatpersonar. Nest største aksjonæren er Omvikdalen idrettslag som eig 11,22 prosent av aksjane.

Konklusjonen i den elles godt dokumenterte søknaden til hovudaksjonæren er slik:

«Vi tillèt oss å oppmoda Kvinnherad kommune om å tilsetja ein person i kombinert stilling som dagleg leiar og driftsleiar».

Styret ber òg om eit snarleg møte med kommunen for å diskutera vidare drift av skisenteret. Søknaden er underskriven av styreleiar Karin Thauland og dagleg leiar Øystein Svendsen.


Positiv ordførar

Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) er positiv til å finna ei god løysing for skisenteret, men kan ikkje forskottera utfallet no.

– Fjellhaugen skisenter er eit tilbod eg ønskjer å behalda. For mange er det med på å gjera Kvinnherad til ein god plass å bu. Eg har forståing for at stadig strengare krav til tryggleik og anna gjer drifta krevjande, samtidig er det òg god grunn til å rosa ein fantastisk dugnadsgjeng som har klart å halda det gåande. Når det gjeld søknaden, kan eg ikkje seia så mykje meir no, for dette er ei sak som må drøftast med administrasjonen og politikarane før ein landar på noko. På grunn av ferien har eg heller ikkje lese søknaden enno.

– Skisenteret ber om eit snarleg møte, får dei det?

– Møte skal dei få. Her må ein setja seg ned å diskutera seg fram til gode løysingar, lovar ordføraren.

Artikkeltags