Ser for seg draumepåske i Fjellhaugen

Alt tyder på at det blir draumeforhold i Fjellhaugen i påsken. (Arkivfoto)

Alt tyder på at det blir draumeforhold i Fjellhaugen i påsken. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 1 år gammel

Ved skisenteret i Fjellhaugen er dei klare for storinnrykk i påsken. Alt tyder på at det blir ein draumepåske.

DEL

Tysdag lava snøen ned både i låglandet og i Fjellhaugen, og driftsleiar Ivar Berge Soldal ved Fjellhaugen Skisenter gler seg no til påskeutfarten startar i fjellet.

– Det ser rett og slett perfekt ut i Fjellhaugen. Snø er det mykje av og det er verkeleg fine forhold, seier Soldal tysdag føremiddag.

Tidleg denne veka vart det preparert ei ni kilometer lang skiløype for dei som vil ta på seg langrennsskia. Ei løype Soldal meiner passar for både glade amatørar og dei som har lang erfaring som skiløparar. Denne løypa vil bli preparert og halden open heile påsken gjennom.

Løypa startar ved den nedre parkeringsplassen i hyttefeltet og går opp til Fagnabotnen, vidare til Nesjastølen, rundt Reikatindane til Nautavatnet og ned igjen.

– Verkeleg ein flott tur å ta med seg, tilrår Soldal.

Han kan òg fortelja om ein fint preparert alpinbakke, som vil vera open heile påsken.

Driftsleiaren reknar med det særleg vil vera mykje folk i fjellet torsdag og fredag, medan mange nok hamnar på kjøpesenteret når butikkane er opne laurdag.

– Vi er rundt 30 personar som vil vera i sving på ulikt vis med skianlegget, medan Røde Kors vil vera her med mellom 10 og 20 personar. Dei er alltid velvillige og hjelper til når vi har bruk for hjelp, fortel Soldal.

Skredfare

Det er stor skredfare i fjella om dagen, og Ivar Berge Soldal ber folk vera veldig forsiktige. Han oppmodar alle som skal i fjellet om å gå inn på nettsida varsom.no, der det heile tida er oppdaterte meldingar om skredfare.

Elles vil Soldal og nemna at alle vatn i fjella no held på å opna seg og at folk ikkje må gå over vatna.

– Det har ikkje vore is på vatna i vinter, berre snø oppå dei, så folk må ikkje gå over vatna, åtvarar Soldal.

Sjølv skal han vera i fjellet frå onsdag til laurdag, og håpar så mange som mogleg tek turen til fjells.

– Det er lenge sidan det har vore så fine forhold og så fine meldingar ein påske, så det er berre å koma seg til fjells.

Artikkeltags