Elias (7) fekk medalje for god innsats i årets første karusellrenn

Elias Ekeland Myklebust (7) kom først i mål i barnerennet, og fekk ein fin medalje.

Elias Ekeland Myklebust (7) kom først i mål i barnerennet, og fekk ein fin medalje.

Artikkelen er over 2 år gammel

Laurdag arrangerte Uskedal idrettslag årets første karusellrenn i Fjellhaugen, og både unge og vaksne løparar gav alt i skisporet.

DEL

Vêrforholda var langt betre enn i låglandet, med sol og mindre vind enn meldt, likevel var det litt kaldt. Men det hindra ikkje 27 barn i å stilla til start i barnerennet. Dei gjorde ein formidabel innsats, og først i mål var Elias Ekeland Myklebust (7).

– Eg har vore med på renn to gonger før. Det gjekk fint i løypa, men på slutten var det litt tungt, innrømte han.

Som alle dei andre i barnerennet fekk han ein fin medalje for innsatsen, som skulle rett inn i samlinga:

– Eg har ganske mange medaljar frå fotballen òg, kunne han fortelja.

I hovudrennet stilte 49 til individuell start. Ni menn gjekk den lengste distansen på 10 kilometer, og kjappast var Håvard B. Pedersen frå Idrettslaget Ternen med tida 29.54. Av kvinnene, som gjekk fem kilometer, var Kari Bråtun frå Uskedal idrettslag raskast. Ho gjekk i mål på tida 17.54.

Neste skirenn blir Kvinnheradmeisterskap i stafett, og det blir arrangert allereie 3. februar.

Resultat frå rennet:

Jenter (8), 1,3 km

Maiken Mehl, OIL 00:08:40

Gutar (8), 1,3 km

Sigurd Lunestad, RTL 00:07:29

Sondre Mehl, OIL 00:07:51

Jenter (9), 1,3 km

Ebba Hermann-Fossli, UIL 00:08:54

Anna Simone Enes, UIL 00:08:28

Julie Sandvik Aaseth ,OIL 00:08:55

Astrid Ersland Hellås, IL-Ternen 00:08:00

Frøy Sæle,UIL 00:08:45

Celine Apeland, OIL 00:07:35

Jenter (10), 1,3 km

Linnea Myklebust Ripel, UIL 00:06:13

Linnea Enes Jenter, UIL 00:09:40

Norah Hjønnevåg ,UIL 00:08:14

Frøya Sverresdotter Hatteberg, RTL 00:10:36

Gutar (10), 1,3 km

Terje Eikemo Steine, IL-Ternen 00:08:20

William Samland Eik ,UIL 00:07:40

Åsmund Eikemo Steine, IL-Ternen 00:07:26

Jenter (11) ,2 km

Maria Eikemo Ersland, IL-Ternen 00:08:01

Alice Ersland Hellås, IL-Ternen 00:10:51

Gutar (11), 2 km

Sondre Soma Ersland, IL-Ternen 00:07:11

Eirik Soma Ersland ,IL-Ternen 00:07:14

Amund Hella Berge-Soldal, UIL 00:07:18

Tord Sverresson Hatteberg, RTL 00:09:10

Aleksander Haugland Melheim ,RTL 00:10:20

Jenter (12), 2 km

Ingeborg Eikemo Ersland, IL-Ternen 00:07:43

Gutar (12), 2 km

Isak Solli Søllesvik ,OIL 00:06:33

Andreas Eikemo Ersland ,IL-Ternen 00:08:14

Jenter (13), 3 km

Anna Elisabeth Samland Eik, UIL 00:13:19

Gutar (13), 3 km

Pål Ingmar Haugland, UIL 00:14:37

Tobias Hella Berge-Soldal, UIL 00:15:07

Jenter (14), 3 km

Emma Myklebust Ripel, UIL 00:13:34

Gutar (14), 3 km

Jonas Solli Søllesvik, OIL 00:11:48

Birk Sæle, UIL 00:13:27

Torbjørn Haugland, UIL 00:14:21

Karsten H. Bjørnebøle, UIL 00:15:47

Jenter (15), 5 km

Silje Soldal, UIL 00:19:24

Kvinner (18), 5 km

Veslemøy Haugland, UIL 00:18:07

Menn, (19-20), 10 km

Tord Sæle, UIL 00:34:07

Magnus Eide, Halsnøy 00:37:15

Menn (21-30), 10 km

Johannes Heien, IL-Ternen 00:32:34

Henrik Bauge, RTL 00:33:33

Kvinner (21-30), 5,0 km

Kari Bråtun, UIL 00:17:54

Menn (41-50), 10 km

Håvard Pedersen, IL-Ternen 00:29:54

Oddmund Soldal, UIL 00:33:19

Menn (51-60), 10 km

Åsmund Mehl, RTL 00:39:37

Menn (61-70), 10 km

Magne Heien, IL-Ternen 00:35:55

Menn (71-80), 10 km

Pål Haugland, UIL 00:43:58

Barneskirenn:

Elias Myklebust, OIL, Tuva Lund, OIL, Ingrid Tvilde, UIL,Viljar Berge Soldal ,UIL, David Holmedal, IL-Ternen, Emil Petterson, Trio, Simon B. Flatebø, RTL, Halvar B. Flatebø, RTL, Milla Apeland, OIL, Sander Raudstein Brix, Trio, Maria Alexandra Raudstein Brix, Trio, Bård S. Bondhus, Odda IL, Ingeborg S. Bondhus, Odda IL, Kristoffer Enes, UIL, Ola Hermann-Fossli, UIL, Iver Hermann-Fossli, UIL, Anna Hermann-Fossli, UIL, Elene Lyngnes Håvik, OIL, Tilde Havnerås Olsen, OIL, Tirill Havnerås Olsen, OIL, Lillian Eikemo Steine, IL-Ternen, Ingeborg Helleland Helland, Trio, Mathilde Helleland Helland, Trio, Leah Yri, UIL, Marius Hjelmeland, UIL, Andre Huse Bjørnebøle, UIL, John Skogtun Hegland, Matre IL.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags