Takka vere spleiselag får 1.500 skuleelevar gratis skidag i Fjellhaugen

Neste veke får nesten alle skuleelevane i kvinnherad gratis skidag i Fjellhaugen. Dette bildet er frå mars i fjor, då skisenteret inviterte til skidag i samarbeid med Husnes Storsenter. Her ser du Madel Søllesvik, Ingrid Omvik, Mia Huke Hjelmeland og Elianne Joy Hjelmeland. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Neste veke (veke 12) blir det full rulle i Fjellhaugen, for takka vere eit spleiselag mellom fleire aktørar får nærmare 1.500 skuleelevar i Kvinnherad ha gratis skidagar der.

DEL

Aktørane som har spleisa for å kunna tilby slike skidagar er: Oppdrettsselskapa Lingalaks, Eide Fjordbruk, Alsaker Fjordbruk, Lerøy Vest AS og Sjøtroll havbruk, Tide, Kvinnherad kommune via prosjektmidlar og Fjellhaugen skisenter. Røde Kors stiller òg opp, og Husnes Storsenter stiller med grill og grillkol.

Dei ulike skulane får reisa opp følgjande dagar:

Måndag 19/3: Sunde skule og Valen skule (storskulen).

Tysdag 20/3: Mauranger skule, Malmanger skule, Omvikdalen skule og Undarheim skule.

Onsdag 21/3: Hatlestrand skule, Ølve Montessoriskule, Uskedalen skule, Bringedalsbygda skule og Halsnøy skule.

Torsdag 22/3: Husnes ungdomsskule, Rosendal ungdomsskule og Åkra skule.

Artikkeltags