Fjord 1 skal drifta ferjesambanda Skjersholmane–Ranavik og Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes. Med ei løysing som inneber høg grad av elektrifisering heiter det i ei pressemelding.
Sambandet Skånevik–Matre–Utåker er det selskapet Boreal Sjø AS som skal drifta, også dette med stor grad av elektrifisering heiter det i pressemeldinga.
Dette betyr at lang tid med Norled snart er omme, når kontraktstida går ut første januar 2020.
I pressemeldinga heiter det at det vert stilt strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, dette inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk. Sambanda er fordelt i tre rutepakkar, og det er inngått ein kontrakt for kvar av rutepakkane.
Det er mykje som tyder på at det kan blir færre ferjeavgangar i dei ulike sambanda, med elektriske ferjer.
– Ved elektrisk drift kan det på einskilde samband verte behov for lengre liggetid ved kai for lading. Rutetider vil bli fastsett for kvart av sambanda i samarbeid mellom operatør og oppdragsgjevar innanfor dei rammene som låg føre i konkurransegrunnlaget, seier direktør for Skyss, Oddmund Sylta i pressemeldinga.
Forhandlingane for Fjelbergsambandet er ikkje ferdigforhandla.
Mest positivt
Det er snart slutt med Norled, kva meiner ordføraren om det?
– No er det heldigvis slik at dei tilsette blir med over i det nye selska-pet. Det er bra, og vi har eit flott og dyktig ferjemannskap på ferjene våre. Samtidig må eg gratulera ein profesjonell aktør som Fjord 1 velkommen til Kvinnherad, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.
Ordføraren meiner det er positivt at ein legg opp til kraftig fornying av ferjeflåten.
Har har invitert direktøren i Skyss til formannskapet til mai-møtet for å få meir informasjon.
Mykje tyder på at det vil blir færre ferjeavgangar med elektriske ferjer, og det frykter ordføraren.
– Det er gledeleg med miljøvennlege ferjer, men det må ikkje gå ut over frekvensen. Det er svært uheldig om vi skulle missa avgangar, seier ordføraren.