Natt til vetle julaftan har det regna meir enn det vi likar.
Over heile kommunen er det meld om stor vassmengder. Mellom Ølve og Hatlestrand skal vatnet fleire stader gå over vegen, og generelt i kommunen fløymer både bekkar og elver over sine breidder. I Rosendal har det samla seg mykje vatn ved Rosendal Motell og der har vatnet òg flauma over vegbana.
Har du bilde? Send oss gjerne til: [email protected]n.no!
Sjå bildeserie:
Bildeserie
Store nedbørsmengder førte til overvatn fleire stader
Fleire stader skal det ha kome meir enn 60 millimeter nedbør på 24 timar, og ein del folk har fått vatn inn i kjellarane sine.
Vi ønskjer våre lesarar ein god jul med eller utan vatn.