Gå til sidens hovedinnhold

Fleire bruker ungdomssenteret på Husnes – nytt tilbod er «babytreff»

Artikkelen er over 1 år gammel

Nyleg opna Kvinnherad Ungdomssenter på Husnes opp for fleire brukarar inne i lokala samtidig, frå 20 til 30 personar. Senteret er ope måndag, onsdag og torsdag kveld, og i tillegg søndagskveldar, og aldersgrensa er ungdom som går i 8. klasse og oppover.

Fredagar er ungdomssenteret framleis stengt. Dette er fordi det vanlegvis er rundt 70-80 ungdommar samla på senteret desse kveldane, og med ei grense på 30 personar inne i lokalet samtidig, ville det vore mange som ikkje kom inn. Ein ønskjer ikkje at dei ungdommane som ikkje kjem inn skal samla seg i sentrum på fredagskveldane.

Men Kvinnherad Ungdomssenter er ikkje berre for ungdommar! For tida er det også fast «babytreff» kvar måndag føremiddag. Utanom dette er det både enkeltpersonar og band som øver i Musikkverkstaden til faste tider når ungdomssenteret er stengt. Utekontaktane nyttar seg òg av lokala utanom dei faste kveldane, og i tillegg nyttar også brukarar frå bufellesskapet "S15" lokala på dagtid.

Med andre ord er Kvinnherad Ungdomssenter i godt driv, store delar av døgnet, gjennom heile veka.

Kommentarer til denne saken