Frå og med veke 4 aukar Stordflyet frekvensen på Osloruta frå 5 til 6 rotasjonar pr. veke. No vert det også mogleg å komma seg til og frå Oslo på onsdagar, går det fram av meldinga.

I 2021 har det vore positiv trafikkutvikling over Stord lufthamn, sjølv om året har vore prega av pandemien og restriksjonane med denne, står det å lesa på heimesidene deira.

I 2021 nytta 15.431 personar seg av Stordflyet si Oslorute. Samanlikna med 2020 utgjer dette ein auke på 2.938 reisande eller 23.52 %.