Gå til sidens hovedinnhold

Fleire hundre ville helsa på Gurine

07. juli 2020, kl. 10:41

Hardanger Folkeblad: Galeasen Gurine, bygd som hardangerjakt i 1875, kryssa seg innover Sørfjorden på laurdag. Då ho la til kai på Nå, vart ho møtt av fleire hundre personar som ville sjå nærare på den staselege skuta i det flotte sommarvêret. Gurine er både bygd og restaurert i Rosendal, men har røter i Sørfjorden.