– Altså har det vore ganske intensive veker – smitten har fordelt seg på eigentleg hovudsakleg tre utbrot. Det største Malmanger, så eitt i samband med Husnes ungdomsskule, og så Halsnøy skule, seier kommuneoverlege Glenn Opland i ein videosnutt på Facebook torsdag.
I tillegg har det også vore einskildtilfelle både av importsmitte og utbrot i familie eller einskildpersonar som har fått smitte annan stad.
– No ser det ut til å ha roa seg enn så lenge. Bank i bordet! Vi har ingen påvist omikron per no – vi hadde ein test som var inne til sekvensering med mistanke, men det viste seg å vera deltavirus, seier han vidare.
Opland peikar framleis på viktigheita av å vaksinera seg, halda seg heime ved sjukdom og testa seg.
Han viser også til dei nye råda og tiltaka som regjeringa la fram under ei pressekonferanse tysdag denne veka, som trer i kraft klokka 24 natt til torsdag 9. desember, og varar i fire veker.
Dei kan du lesa i sin heilskap her: