100.000 barn bur på barneheimar i Ukraina, og mange av desse er no på flukt frå krigen.

«Akkurat no er 120 av desse barna på veg frå Vest-Ukraina til Norge i ein stor evakueringsoperasjon», opplyste SOS-barnebyer til NRK nyleg.

Avisene skriv òg ein del om surrogatibabyar som ingen kan henta, og i krig og konflikt er det alltid òg barn som endar opp med å bli foreldrelause. Alle desse skjebnane rører ved mange kvinnheringar.

Formidlar vidare

Ordførar Hilde Enstad fortel at ho har blitt kontakta av fleire kvinnheringar som ønskjer å stilla opp som fosterforeldre eller beredskapsheimar for foreldrelause ukrainske barn på flukt.

– Mange vil melda seg, og det må dei få lov til. Det vi i kommunen kan bidra med, er å ta imot ønsket om å bistå som fosterforeldre eller beredskapsheim, og vidareformidla dette til dei rette instansane, seier Enstad.

Kommunen har laga ei eiga e-postadresse som går på nettopp slike førespurnadar.

– Den e-postadressa som vi lanserte for ei vekes tid sidan, som heiter ukraina.flyktning@kvinnherad.kommune.no, går på alt som har med materielle ting å gjera, som viss ein har utstyr til bustadar og slike ting. Så har vi ei anna ei for desse meir mellommenneskelege førespurnadane. Den heiter integrering@kvinnherad.kommune.no, og vi ber om at dei som til dømes vil ha hjelp til å formidla ønske om å vera fosterheim, tar kontakt på denne adressa. Så skal vi syta for at ønsket kjem fram til dei som har noko med dette å gjera, seier ho.