Gå til sidens hovedinnhold

Fleirtal for å endre skatt på vasskraft

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er fleirtal på Stortinget for å endre grunnrenteskatten for vasskraft. Men korleis det skal skje, er førebels uvisst.

– Vi har ikkje inngått noka semje med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Det har ikkje vore forhandlingar om dette, seier energipolitikar for Framstegpartiet Terje Halleland til NTB.

I innstillinga frå finanskomiteen om revidert nasjonalbudsjett tek Ap, Sp, SV, MDG og Raudt i fellesskap opp at innretninga på grunnrenteskatten hindrar ønskte investeringar i vasskraft. Grunnrenta er i praksis ein skatt kraftbransjen blir ilagd fordi dei får lov til å utnytte ein naturressurs.

Dei raudgrøne partia viser samtidig til at Frp nyleg fremja eit eige forslag om snarast å justere grunnrenteskatninga for vasskraft, slik at fleire lønnsamme prosjekt blir realisert.

– Det er såleis eit klart politisk fleirtal på Stortinget som har teke til orde for endring av grunnrenteskatninga på vasskraftverk for å utløyse investeringar i vasskraftverk, skriv dei raudgrøne.

– Ikkje behandla

Men Halleland viser til at det omtalte Frp-forslaget framleis ikkje er behandla i Stortinget. Forslaget går til finanskomiteen, og deretter vil det komme fleire tal, utrekningar og ulike modellar på bordet.

– Det blir eit reknestykke som ein må komme fram til og forhandle om. Med det som bakgrunn, er det jo hyggjeleg at dei seier seg samde, og eg håpar regjeringa tek det som eit signal, seier han.

Normalt sett vil Frp først og fremst forhandle med regjeringspartia, understrekar Halleland.

Sigbjørn Gjelsvik, finanspolitikar for Senterpartiet, seier regjeringa no må følgje opp og komme tilbake med eit konkret forslag seinast i samband med statsbudsjettet for 2021 til hausten.

– Dette kan utløyse lenge etterlengta milliardinvesteringar og gi tusenvis av arbeidsplassar, miljøvennleg kraft og store inntekter til fellesskapet. Så forventar eg at Frp held ord i saka, slik at dette faktisk no blir gjennomført, seier han til NTB.

– Svært gledeleg

Interesseorganisasjonen Energi Norge, som representerer vasskraftnæringa, seier endringane som er på trappene kan innebere at kraftproduksjonen blir utvida utan at det vil finne stad nye, store miljøinngrep.

– Det er svært gledeleg at eit politisk fleirtal no går inn for å løyse den utfordringa vasskraftnæringa har stått overfor i mange år, nemleg at oppgradering av kraftverk ikkje har late seg gjennomføre grunna svært høg skatning, seier administrerande direktør Knut Kroepelien i Energi Norge.

Den nye skatteordninga kan utløyse investeringar for over 20 milliardar kroner i eksisterande vasskraftverk, ifølgje utrekningar som Thema Consulting Group har gjort.

(©NPK)

Les også

Sa nei til å hjelpa Neslia Øvre med tomtekjøp

Kommentarer til denne saken