Denne helga arrangerte Røldal IL og IL Korlevoll «Tour de Hardanger» i Røldal, som bestod av tre renn over to dagar. Laurdagen var det prolog og fellesstart, og søndagen var det jaktstart. Dette var òg siste helga med renn i kretscupen til Hordaland skikrets før finalen.

Dei 13 unge skitalenta frå Kvinnherad viste seg fram med blant anna tre førsteplassar, ein andreplass og ein tredjeplass frå 11–15 år i aldersbestemte klassar.