Gå til sidens hovedinnhold

Flott pengegåve til dei nye eigarane av Sundal Gjestgiveri

Artikkelen er over 2 år gammel

Kulturminnefondet har valt å gi 470.000 kroner til restaureringa av Sundal Gjestgiveri.

Torsdag morgon var sjølvaste direktøren, Simen Bjørgen, i Sundal for å gi dei nye eigarane Caroline Steine og Harald Andreassen eit tildelingsbrev med lovnad om økonomisk støtte til oppussinga dei no skal i gang med.

– Sundal Gjestgiveri er bygd i 1889 i sveitserstil og er eit særeige bygg med høg kulturminneverdi, skriv Bjørgen om kvifor Kulturminnefondet vil støtta eigarane med pengar.

For vel ei veke sidan inviterte dei nye eigarane bygdefolket og andre interesserte til å sjå gjestgiveriet. Sjå bildeserie her:

Bildeserie

Sjå Sundal Gjestgiveri frå innsida

Her kan du òg lesa meir om dei nye eigarane og kva dei tenkjer å gjera med bygget:

Les også

Dei har kjøpt Sundal Gjestgiveri

Kommentarer til denne saken