Vil du «guida» ein flyktning?

Klare for flyktningguidar: Flyktningguidekoordinator Oddrunn Steinsland i Røde Kors leitar etter flyktningguidar. Av dei som ønskjer seg guide er Mohammed Ali (frå venstre), Abdiaziz Hussein og Ayaanle Ahmed. Foto: Elisabeth Berg Hass

Klare for flyktningguidar: Flyktningguidekoordinator Oddrunn Steinsland i Røde Kors leitar etter flyktningguidar. Av dei som ønskjer seg guide er Mohammed Ali (frå venstre), Abdiaziz Hussein og Ayaanle Ahmed. Foto: Elisabeth Berg Hass

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det hadde vore veldig kjekt å få bli betre kjent med det norske samfunnet, seier Ayaanle Ahmed (18) frå Somalia.

DEL

1. september i år tiltredde Oddrunn Steinsland som flyktningguidekoordinator i regi av Kvinnherad Røde Kors. Jobben hennar er å kopla frivillige nordmenn og innvandrar saman i éin-til-éin-kontakt.

– Når ein kjem til ein ny kvardag i Norge har ein gjerne mange spørsmål om korleis lokalsamfunnet fungerer, i tillegg til at språkbarrieren kan vera stor. Målet er at flyktningguiden kan vera ein god inngangsport og rettleiar til det norske samfunnet, og ikkje minst, vera eit medmenneske flyktningen kan støtta seg på ein krevjande etableringsfase, seier Steinsland.

Ho seier at målet er at flyktningen og den frivillige skal møtast eit par timar i veka eller annankvar veke, til ulike aktivitetar, kaffibesøk eller det ein elles måtte ha lyst til.

– Så er håpet at flyktningen skal få koma inn i eit nettverk i nærmiljøet sitt, bli betre kjent med korleis lokalsamfunnet fungerer, og ikkje minst få eit godt høve til å praktisera det norske språket.

Berre éin møtte

Mohammed Ali (22), Abdiaziz Hussein (28) og Ayaanle Ahmed (18) frå Somalia er alle busette i Kvinnherad kommune, og er i dag elevar ved Vaksenopplæringa. Dei synest flyktningguidetilbodet høyrest veldig forlokkande ut, og er allereie klare på at dei ønskjer seg kvar sin guide.

– Sånn som det er i dag, blir det mest til at ein går heim etter skulen, og der blir ein som regel resten av den ettermiddagen. Det hadde vore veldig kjekt å bli kjent med ein nordmann som ein kunne gjort ting saman med no og då, sånn at ein kunne få bli betre kjent med det norske samfunnet, seier Ahmed.

Dei to andre gutane nikkar samd:

– Ein har jo veldig lyst til å bli betre kjent med korleis dei ulike delane av det norske samfunnet fungerer, og ikkje minst er det flott å ha ein å snakka med, sånn at ein kan bruka det norske språket, seier dei.

Nyleg inviterte Steinsland til eit informasjonsmøte om flyktningguideprogrammet, men der møtte berre éin person. Ho trur elles interessa for å vera flyktningguide er større enn som så, og vil difor appellera til folk der ute.

Ope hus

– Tenkjer du at dette kunne passa for deg, håpar eg at du vil melda deg. Dette er ikkje berre kjekt og viktig for flyktningen, men òg for flyktningguiden, som får høve til å bli godt kjent med ein heilt ny kultur og bakgrunn, seier ho.

Både dei som ønskjer å bli guide og dei som ønskjer seg guide blir bedne om å fylla ut eit skjema, der dei mellom anna skriv litt om interessene sine, i håp om å kunna kopla folk som har litt til felles.

Steinsland vil prøva å halda Røde Kors-huset ope ein kveld kvar veke fram mot jul, slik at frivillige som er interesserte i å vera flyktningguide eller flyktningar som ønskjer å få seg ein slik kan koma innom for å få høyra meir om tilbodet. Ho er òg på huset på føremiddagstid tre dagar i veka.

– Alt no på førstkomande tysdag ettermiddag kjem eg til å halda ope huset dersom nokon vil koma innom for å høyra meir. Velkomen til alle, eg håpar eg får mykje besøk, smiler ho.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken