Erlingur Nielsson (H) sin uttale om flyktningar

Av
DEL

MEININGAR:Vi 16 tilsette på eininga Integrering og opplæring vil gjerne ha ein dokumentasjon frå Erlingur Nielsson på kva han baserte uttalen sin på, då han i kommunestyremøtet 31. januar sa at kommunen ikkje bør ta imot fleire flyktningar enn 15, før kvaliteten på mottaket og integreringa blir av betre kvalitet. (Eininga sitt faglege råd var inntil 30 flyktningar).

Kvinnherad ligg ca. 12 % over landsgjennomsnittet med å få flyktningane i arbeid etter utdanning. I Norge er det ca. 2 % fleire norskfødde som er i jobb, enn flyktningane (dei er nye i landet, og med sine språkbarrierar, må ein vel kunna seia at den generelle integreringa i Norge også er bra).

Alt kan sjølvsagt bli betre, både med å få flest mogleg av landets innbyggarar i arbeid, generelt.

Eg vil òg få visa til Grenda av 06.03.2014, der Grenda omtalar tala frå IMDI, som viser at Kvinnherad er heilt i norgestoppen når det gjeld integrering. IMDI har strenge krav til arbeidet med integrering, dokumentasjon og resultat. (Talet kommunar som får oppmoding om å ta imot flyktningar er gått ned med ca. 80 dei siste åra, då dei ikkje tilfredsstiller IMDI sine krav).

IMDI tilfører store ressursar til mottakskommunane, som bl.a. blir brukt til å styrka oppvekstsektoren, helsesektoren, teknisk sektor m.m,. så vi andre som bur i mottakskommunane også får styrka og oppretthalde vårt tilbod. Denne positive sida kjem sjeldan frem i integreringsdebattane.

Her på eininga er det svært positive og engasjerte medarbeidarar, der alle har ein relevant bachelor, eller mykje meir utdanning. Dei har òg svært god realkompetanse og store humanitære hjarte, som bankar for å gjera ein best mogleg jobb.

Sidan vi ønskjer å bli best mogleg på vegner av deltakarane våre, ønskjer vi Erlingur Nielsson (H) velkommen til å komma med løysinga og gjerne dokumentasjon på kvalitetsproblema våre, som han bruker i saksbehandlinga når det skal gjerast vedtak i kommunestyret.

Eininga sin aktivitet er per i dag:

●52 deltakarar på introduksjonsprogram (Norsk, Norsk samfunnsfag og språkprakis), og lovpålagt grunnskuleundervisning.

●38 innvandrarar som er gift med norske statsborgarar som bur i kommunen, er forplikta til å læra norsk, gratis (inntil 3000 timer), for å klara statsborgarskapsprøven som er krav for å få statsborgarskap.

●30 arbeidsinnvandrarar som betalar for å læra seg norsk, for å få godkjente papir i norsk.

●Totalt ligg eininga på 120 deltakarar, som vi har ansvaret for når det gjeld opplæring og integrering.

Til å hjelpa oss har vi mange frivillige, arbeidsplassar, KVV, og kommunale avdelingar m.m. i heile kommunen, som vi gjerne vil nytta høvet til å takka for all hjelp, og som ser nytta av å hjelpa folk som kjem frå krig og elendigheit, og som svært gjerne vil stå på eigne bein å få seg ei framtid i fred.

Takk òg til ordføraren og alle dei andre politiske partia som i dette kommunestyret var positive til å oppmoda om fleire enn dei 15 flyktningane, av medmenneskelege og humanitære grunnar. Vi som jobbar her er svært glade for dette vedtaket.

Vi vil gjerne få ønskja deg, Erlingur Nielsson (H) velkommen på besøk her i eininga i Lonabråtet på Husnes, om du ønskjer fleire opplysningar om integreringsarbeidet vårt, eller vil komma med gode innspel. Då er vi takknemlege for det, då vi framleis ønskjer å bli så gode som mogleg i vårt daglege virke, og strevar med dette kvar dag.

Johnny R. Thomsen,

einingsleiar for Integrering og opplæring

Artikkeltags