Prosjektet heiter «Møteplass for integrering», og no treng dei hjelp frå deg som vil bidra i integreringsarbeid. Alle som ønskjer informasjon om kva dei kan bidra med i høve til nyankomne kvinnheringar, eller som har idear til integreringsarbeid i Kvinnherad, er hjarteleg vel-komne til første møteplass, som er på Røde Kors-huset på Husnes onsdag kveld 27. januar. Tiltaket er planlagt med god hjelp av Kvinnherad kommune, skriv Kvinnherad Røde Kors i pressemeldinga. Adam Waiman og Rumisa Karimova frå Tsjetsjenia kjem for å fortelja om korleis dei opplevde å koma til Kvinnherad som flyktningar. I tillegg vil Vigdis Gammelsæther fortelja litt om sine erfaringar og refleksjonar frå eit delegatoppdrag for Røde Kors i Hellas, der ho jobba med flyktningsituasjonen no i jula. Det vil elles bli sett av tid til å konkretisera idear, koma med eigne ønskjer, bli kjende, og planlegga neste møteplass.
– Vi satsar på at dette blir ein arena der flyktningar og lokale elles kan koma saman for å bli kjende med kvarandre, og kanskje knyta venskapsband? Vi ser fram til å treffa dykk og gjera eit godt stykke arbeid saman! skriv Kvinnherad Røde Kors i pressemeldinga.
Har du spørsmål kan du kontakta Vigdis Gammelsæther, Elisabeth Berg Hass eller Oddrunn Steinsland. Sjekk òg Facebook-gruppa «Møteplass for integrering».
Kommentarer til denne saken