Dette stadfestar avdelingsleiaren for Tiltak og ressurs, Vigdis Gammelsæther.

– Vi jobbar med å finna gode løysingar etter ønske frå den enkelte, men den formelle nedlegginga av tilbodet i Uskedalen er opp til politikarane, seier Gammelsæther.

– Er det hybellivet som ventar dei?

– Nei. Ingen av dei har ønskt seg på hybel, og vi jobbar derfor med andre løysingar. Nokre ønskjer familiegjenforeining, medan andre ønskjer fosterheim, fortel avdelingsleiaren.

Ho strekar under at ønska til ungdomane blir lytta nøye til, og at både ungdomen sjølv, barnevernet og verja deltar i vurderinga av kva som blir den beste løysinga.

– Vart det gjort på denne måten også for dei fire som flytta ut frå bufellesskapet på Valen?

– Ja, det vart det, men det er berre ikkje kome godt nok fram i avisene.

– Kva vart dei endelege løysingane for dei på Valen?

– To er i fosterheim, ein er flytta til anna bufellesskap og ein er på hybel.

– Kva med bufellesskapet i Herøysund, skal det oppretthaldast?

– Så lenge ingen der ønskjer seg noko anna, blir bufellesskapet oppretthalde til dei er klare til å gå over i andre typar tiltak. Her vert det gjort individuelle vurderingar. Det kan òg vera at nye einslege flyktningar kjem hit, dersom vi får oppmoding frå IMDI for 2019. Då kan eventuelt huset i Herøysund bli aktuelt for dei.

Får bli

Gammelsæther hevdar, med utgangspunkt i samtalar med Bufetat og UDI, at ingen av ungdomane i Kvinnherad er i kategorien «oktoberbarn», som står i fare for å bli returnerte til heimlandet sitt.

– Alle fekk opphald i tre år frå dei kom, og det er berre snakk om ein formalitet å forlenga opphaldsløyvet fram til dei kan søkja om norsk statsborgarskap. Så langt eg veit, er det derfor ingen av våre som kan risikera å bli sendt ut av landet. Dei er komne for å bli, og eg håpar dei blir verande her i Kvinnherad, seier Gammelsæther.

Opp til kommunestyret

Rådmann Odd Ivar Øvregård viser til at kommunestyret i desember vedtok at ingen tenestetilbod skal leggjast ned utan vedtak i kommunestyret. Nedlegging av bufellesskapet i Uskedalen er difor ikkje aktuelt før saka har vore til behandling hos politikarane.

– Først vil eg be kommunestyremøtet om ei tolking av kva som eigenleg var meint med omgrepet tenestetilbod. Saka er den at tilbodet eksisterer så lenge vi også har bufellesskap i Herøysund. Slik eg forstår det har vi ikkje ungdomar til å fylla begge dei attverande husa, og dermed ser eg heller ingen grunn til å oppretthalda begge. Bufellesskapet i Uskedalen vil bli tømt, men formell avvikling av lokasjonen skjer ikkje før kommunestyret har sagt sitt, seier Øvregård.

Les også:

– Vanskeleg å gi svar no

Ordføraren beklagar

Verje Gaute Lund: – Hårreisande dårleg handtert

Vil vi ta ansvar for ungdomane?

Gav ein støkk til forsamlinga

– Ei sak vi har mykje å læra av

Hjarterått mot ungdommar