I 2016 var 55,7 prosent av innvandrarar mellom 15-74 år i Kvinnherad sysselsette, mot 59,5 prosent i 2015 og 64,2 prosent i 2014. Blant såkalla ikkje-vestlege innvandrarar var talet endå lågare: 43,6 prosent sysselsette i 2016, mot 51,2 prosent i 2015 og 54,9 prosent i 2015. For innbyggjarane elles i Kvinnherad i alderen 15-74 år, altså eksklusive innvandrarar, var talet sysselsette 64,7 prosent i 2016, 66 prosent i 2015 og 68,5 prosent i 2014. Linda Lillesletten, leiar i Flyktningtenesta i Kvinnherad kommune, er ikkje overraska over at talet sysselsette innvandrarar har gått litt ned.

– Dette er ei kompleks problemstilling, men først og fremst har vi jo busett ein del fleire flyktningar i samband med flyktningkrisa, så det har blitt meir å gapa over, om ein kan seia det sånn. Jobben med oppfølging i introduksjonsprogram og rettleiing i det norske samfunnet, tenestetilbod, fritid, livet generelt og så bortover begynner fyrst etter busetjinga. Elles er dette med å få på plass og i gang aktivitetar på fritida både for barn og vaksne ein viktig del av jobben, då den uformelle arenaen der ein møter andre nordmenn bidrar mykje i integreringa. Integrering er ein langsiktig prosess, som går over år, og derfor viktig å ha tidleg innsats mot barna i barnehage og skule. Når det allereie i utgangspunktet er låg tilgang på arbeidsplassar og praksisplassar i kommunen, får dette ekstra store utslag når vi busett fleire folk, forklarer Lillesletten.

Les også:

Klare for ei framtid i Norge(+)

(+)

Abdiaziz les fleire nettaviser kvar dag(+)

Ho fortel at det i 2014 var fleire innvandrarar som gjekk rett ut i vidaregåande skule etter introduksjonsprogrammet, men at det ikkje er slik i dag.

– Då hadde vi ei gruppe unge somaliske menn som var «entreprenørar» i eigne liv, og som jobba hardt i introduksjonsprogrammet og med grunnskulefag. I tillegg fekk fleire arbeid gjennom lønstilskot frå NAV-arbeid. No er det fleire som går ut av introduksjonsprogrammet til mest ingenting, fortel Lillesletten.

– Kva veit de om erfaringane til flyktningar og innvandrarar som søkjer jobb her i Kvinnherad?

– Mange opplever at det er vanskeleg. Dei fortel at dei sender inn søknad etter søknad, og blir skuffa når dei ikkje eingong får svar. Men slik er det for norske jobbsøkjarar òg, ein får ikkje alltid tilbakemeldingar når ein søkjer på jobb. Utfordringar innvandrarar ofte står overfor når dei skal ut i arbeidslivet er språk, samt kunnskap om det norske arbeidslivet. Det er òg ei utfordring for mange at dei har ei utdanning frå heimlandet som er vanskeleg å få godkjend i Norge, slik at dei må begynna heilt frå botn av når dei kjem hit.

Ho legg til at mange òg kjem frå kulturar der dei har ei noko større tru på eigne evner enn vi nordmenn som har vakse opp med jantelova.

– Dermed er det nok ein del av dei som søkjer på stillingar dei ikkje har føresetnadar for å fylla, forklarer ho.

Individulle forskjellar

Lillesletten er klar på at språkpraksisen dei får i samband med introduksjonsprogrammet uansett er alfa og omega.

– Språkpraksis, i tillegg til norskundervisninga i klasserom, er sjølve nøkkelen til å koma seg vidare i Norge, både i høve til arbeid og til livet elles. Mange innvandrarar har ikkje høve til å praktisera norsken sin på ettermiddagane, og difor er språkpraksisplassen ein utruleg viktig arena til å trena på språket.

Ho fortel at programrettleiarane jobbar intensivt med å følgja opp dette med språkpraksisplassar, og at det er ønskjeleg at fleire arbeidsgjevarar, også innan einingar i kommunen, kjem på banen.

– Vi har tilgang på ein god del slike praksisplassar, men vi treng alltid fleire. Eg skjønar det kan vera ein terskel for somme, men dei erfaringane vi kjenner til er at det plar vera ei positiv ordning for alle partar.

– Sett bort frå sysselsetting; korleis klarar flyktningane seg elles i Kvinnherad?

– Mange klarar seg bra, somme til og med veldig bra. Eg veit om dei som har kjøpt seg einebustadar og lever nærast som du og eg. Andre har flytta bort, fleire til Austlandet, der dei kanskje har større nettverk og der høvet for arbeid òg er større. Det er jo òg dei som ikkje klarar seg så bra, for som blant resten av innbyggjarane er det individuelle forskjellar, fortel ho.

Lillesletten seier at eininga for Integrering og opplæring, som har ansvaret for flyktningane i samband med introduksjonsprogrammet, er opptekne av å ansvarleggjera dei heilt frå starten.

– Når dei blir busette i kommunen er dei innbyggjarar her og har rettigheter og plikter som alle andre, så frå den dagen er dei ikkje flyktningar lenger. Vi har merksemd på at det vi skal yta er hjelp til sjølvhjelp, altså rettleia dei til å ta ansvar for eigne liv. Heilt i starten når dei kjem følgjer vi dei sjølvsagt tett, men så slepp vi dei meir og meir etterkvart, og etter at introduksjonsprogrammet er slutt, skal dei stå på eigne bein, sluttar ho.