Det melder utflytta kvinnhering og lufthamnsjef Jan Morten Myklebust i ei pressemelding.
«Under arrangementet vil det vera mogleg for store og små å sleppa inn på flyplassområdet og betrakta fly og helikopter av ulike typar, både i lufta og på bakken. Det blir sal av kioskvarer og aktivitetar for dei minste» står det i pressemeldinga.
Og i lufta blir det akrobatisk oppvisning med fleire spennande aktørar:
«Frå Rygge kjem Forsvarets Historiske Skvadron, som deltek med 3 jet-jagarar av typen Vampire og Mig-15. Dei to Vampire-veteranane har delteke på airshow på Stord tidlegare, men det er fyrste gong at MiG-15 kjem til lufthamna. Biltema stiller med sine to ikoniske fly frå andre verdskrig, Spitfire og P-51 Mustang, og flyg oppvisning med begge flya. Det blir fyrste gong begge desse flya er samla på Stord. Det vert også akrobatisk oppvisning i regi av Håvard Dale, som kjem med to fly, YAK-50 og Boeing Stearman. Dessutan blir det oppvisning med to SAAB Safir frå Sola, eitt fly frå Bergen Aero Klubb og modellfly. Det er òg venta innslag frå Luftforsvaret».