Klart for motbakkeløp gjennom historisk vandrerute: – Ingen grunn til å sitja heime

Snart klart for motbakkeløpet Folgefonna Opp.

DEL

10. august inviterer Uskedalen IL og Ænes og Mauranger Bygdalag til motbakkeløpet Folgefonna Opp i Bondhusdalen, står det å lesa i ei pressemelding.

Løpet tar deg frå fjord til fonn på historisk grunn i mektig, nasjonalromantisk natur. Løpet vert i år arrangert for åttande gong, men inngår i år også som 4. løp i norgescupen for motbakkeløp. Alt ligg derfor til rette for at mange eliteløparar finn vegen til Mauranger akkurat i år.

Juniorklassen startar samtidig med konkurranseløparane, men har målgang ved Garshammar, fem kilometer ut i løypa.

Første del følgjer Isvegen innover Bondhusdalen, deretter oppover den frodige Hillarslia med sine mange hårnålssvingar til Gardshammar (745 moh.). Vidare følgjer løparane den T-merka stien inn i eit alpint landskap, og kjem i mål etter 11 kilometer ved Fonnabu turisthytte (1.460 moh.) like ved Folgefonna. Her ventar ei fantastisk utsikt, og Kvinnherad Turlag med varm fruktsuppe.

Traseen følgjer den 120 år gamle ridevegen Turistvegen over Folgefonna, som er ei av få utvalde historiske vandreruter i Norge. Sherpaene har også vore i sving på denne stien, og har laga flotte steintrapper opp det vanskelege partiet nedanfor Breidablikk-hytta.

Eit løp for mosjonistar

Sjølv om arrangørane vil ha mange med i konkurranseklassen, blir dei like glade for alle mosjonistar som vil delta. Bruk høvet til å koma deg ut på ein flott fjelltur eller test deg sjølv i kva form du er i, med det tidspresset du legg på deg sjølv, oppmodar arrangørane. Krav for fullført løp i mosjonistklassen er minimum til Gardshammar.

– Me håpar mange kjem seg opp i løypa og heiar fram dei sprekaste. Ved retur-samlingsplassen kan du nyta ein middag som er inkludert i deltakaravgifta, står det å lesa i pressemeldinga.

Fristen for påmelding er sett til 4. august, men det er ope for etterpåmelding like fram til løpsdagen. Du kan melda deg på via www.folgefonna-opp.no. Der vil du også finna meir informasjon om løpet.

Vinnarane kan venta seg flotte, lokalproduserte nisjeprodukt i tillegg til gode pengepremiar. Blant anna kan du vinna den unike Folgefonna Opp-strikkehua og drikkebegeret Tomling! Set du ny løyperekord blir du den glade eigar av ein handlaga kniv. Då må du tukta dei sterke tidene til Lars Erik Skjervheim 1.19.01 (2018), eller Mai Britt Buer 1.40.21(2016).

Familiedag

Sanstundes som deltakarane sveittar seg opp lia blir det folkefest inne på Sandarvollen, to kilometer lett gange frå parkeringsplassen i Bondhusdalen. Dei yngste skal også få startnummer på brystet. Barneløpet har same start og same startpistol som motbakkeløparane, og målgang inne på Sandarvollen med premie til alle. Her blir det også Maurangermeisterskap i barkebåtløp og mjølkespannhalding, øksekasting, støvelkasting, ansiktsmaling og quiz.

B-Gjengen frå Rosendal Musikklag står for den musikalske underhaldninga. I kiosken blir det sal tradisjonsmat som rjomegraut, mjølkekaker og grilling av fiskeburgar og pølser med meir. Her vil også premieutdelinga for motbakkeløpet gå føre seg. Om kvelden blir det «After Run» ved Hardanger Fjord Lodge.

– Det er altså ingen grunn til å sitja heime denne laurdagen enten du vil forbrenna kaloriar så det sprutar, eller berre kosa deg med ein god porsjon rjomegraut. Alle sprekingar og mindre spreke er hjarteleg velkomne til Bondhusdalen 10. august! helsar arrangørane til slutt i pressemeldinga.

Artikkeltags