Lekker dronefilm frå Møsevatnet

Artikkelen er over 3 år gammel

Svein Vidar Leikvoll frå Omvikdalen har laga ein nydeleg video med kajakkpadlarar på Møsevatnet.

DEL

– Denne dagen visste eg at Jorunn Bakke Leikvoll, Maghild Haugland og Anita Enæs skulle padla på Møsevatnet, fortel Svein Vidar Leikvoll om kvifor han gjorde opptak akkurat denne dagen, 13. august.

Fargar, skymønster og vindforhold var såpass perfekte at det går an å lura på om fotografen heilt spesielle kontaktar hos vêrgudane.

Svein Vidar Leikvoll jobbar med fjernstyrte undervassbåtar, så hobbyen med dronefilming er litt i same gata, om enn i eit anna element og med eit anna føremål.

– Dronefilming har eg drive med i om lag to og eit halvt år, fortel Leikvoll.

Filmen er tatt opp med dronen DJI Inspire som filmar med oppløysing i opptil 4K.

Filmen frå Møsevatnet har hatt over fire tusen visningar på Facebook, medan den på Youtube merkeleg nok berre hadde eit par hundre (222) per fredag 2. september. Det talet bør stiga no – dette er Kvinnherad-reklame på sitt aller beste.

Artikkeltags