Folgefonna – verdt å ta vare på

Bondhusvatnet, med brearmen i bakgrunnen. (Arkivfoto).

Bondhusvatnet, med brearmen i bakgrunnen. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

Kvinnherad Turlag og Naturvernforbundet Hordaland inviterer til guida tur til Folgefonna på laurdag.

DEL

Majestetiske Folgefonna er truga av klimaendringar, og i ferd med å forsvinna. Laurdag får du ein unik sjanse til å oppleva breen i all si prakt, medan kyndige fagfolk held spennande innlegg undervegs på turen. Då inviterer nemleg Naturvernforbundet Hordaland og Kvinnherad turlag til ein fascinerande guida tur til isbreen saman med breekspert Jostein Bakke (professor ved Institutt for geovitenskap, UiB) og Øyvind Hatteberg frå Kvinnherad Turlag. Turen er ein del av Naturvernforbundet sin nasjonale «Verdt å ta vare på»-turné, beståande av arrangement fleire stader i landet med fokus på område som er verdt å ta vare på og som er truga av klimaendringar. Styreleiar i Naturvernforbundet Hordaland, Synnøve Kvamme, tidlegare leiar av Hardangeraksjonen, vil også vera med på turen.

Turen er gratis, men dei som ønskjer å vera med må melda seg på, og oppmøte er ved parkeringa i Bondhusdalen. Turen blir i ein lett trasé og er ikkje krevjande, men tilpassa turgruppa. Turen varar i rundt seks timar, men det blir fleire stopp undervegs der Jostein Bakke fortel om geologien i Bondhusdalen. Anbefalt alder er frå 12 år og oppover, men alle er hjarteleg velkomne, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags