Gå til sidens hovedinnhold

Folgefonnsenteret opnar dørene igjen: – Endeleg

Etter fleire månadar stengt kan Folgefonnsenteret opna opp for besøkande igjen.

I ei pressemelding skriv Folgefonnsenteret at det er duka for gjenopning, etter at dei har halde koronastengt sidan midten av mars.

Allereie 21. mai blir senteret ope for publikum.

Saman med fleire

Hardanger og Voss museum, Olav H. Hauge-senteret, Folgefonnsenteret og Kraftmuseet går sommaren i møte som ein koordinert kvartett.

Dei fire institusjonane har lenge vore opptekne av å senda sine gjester seg imellom, men vil i år gjera det endå enklare å reisa frå oppleving til oppleving med «Sommarpass», eit felles opplevingskort.

Dei fire institusjonane har til saman ti arenaer spreidd rundt i Hardanger, Kvinnherad og Voss, kor ein kan oppleva mellom anna kunst, fartøyvern, folkemuseum, mellomaldertun, poesi, bre- og klimatematikk, industrihistorie og ein kraftkatedral.

– Vi som jobbar ved dei ulike stadene er enormt inspirerte for å endeleg kunna opna dørene og ta i mot folk. Vi har hatt fast møte éin gong i veka siste månaden, og gløden er stor hos alle, seier Una Kolle, dagleg leiar i Folgefonnsenteret.

Skal vera trygt

Normalt er det mykje utanlandske turistar som gjestar stadene om sommaren. I år handlar det om å tiltrekkja seg norske feriefolk, og få dei til å bli ei stund i området.

Men framleis skal smittevern stå i fokus, og dei presiserer at det skal vera trygt å ferdast hos dei fire ulike institusjonane.

– Alle gjer dei tilpassingane som trengst. Det er viktig for oss å gi dei besøkjande ei topp oppleving, og at det samtidig skjer godt innanfor dei retningslinjene som finst for smittevern. Dette er me opptekne av, står det å lesa i pressemeldinga.

Les også

Ingen krabbe- og rekefest på Sæbøvik i sommar: – Tar ein pause i år

Kommentarer til denne saken