Desse vil bli dagleg leiar for Folgefonnsenteret

Ti personar har søkt på stillinga som dagleg leiar for Folgefonnsenteret. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Ti personar har søkt på stillinga som dagleg leiar for Folgefonnsenteret. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

10 kandidatar har søkt på stillinga som dagleg leiar ved Folgefonnsenteret.

DEL

– Dette er gledelege nyhende, i håp om å finna den rette kandidaten, uttrykkjer styreleiar Hans Inge Myrvold i ei pressemelding.

17. og 18. februar skal styret i stiftinga samlast i Rosendal for ein gjennomgang, kartlegging og vurdering av kandidatane. Ein vonar at ein i god tid før mars tar stilling til kva kandidat som utmerkjer seg, og kven

som vil få tilbod om stillinga.

– Det er ei god breidde av ulik kompetanse, erfaringar, alder og kjønn blant søkjarane. Difor bør alt ligga til rette for at ein kan gjera gode vurderingar når ein skal finna rett kandidat, avsluttar Myrvold.

Éin kandidat er unnateke offentlegheit, basert på ei juridisk vurdering med bistand frå Kvinnherad kommune.

Her er søkjarlista:

Malene Dekke Eik (25) frå Rosendal, student

Rebekka Høgestøl (44) frå Onarheim

Trygve Höppner (47) frå Hammerfest, seniorrådgiver

Harald Andre Knoop (62) frå Hafrsfjord, konsulent

Una Kolle (41) frå Herøysund, næringsdrivande

Ina Lønning (23) frå Herøysund, butikkmedarbeidar

Roberto Pisano (48)

Åse Mariell Solum (39) frå Husnes, landskapsingeniør med fordjupning i sivilingeniør

Egil Ørjan Thorsen (49) frå Sandve, sjølvstendig næringsdrivande rådgiver og kon

Kvinne (44), unnateke offentlegheit

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken