Folgefonnsenteret søker om midlar til pilotsatsing

– Vi fekk mange gode råd på vegen, så det kan bli spennande å sjå, seier dagleg leiar i Folgefonnsenteret, Ivar Baste, om møtet med statssekretær Atle Hamar.

– Vi fekk mange gode råd på vegen, så det kan bli spennande å sjå, seier dagleg leiar i Folgefonnsenteret, Ivar Baste, om møtet med statssekretær Atle Hamar. Foto:

Folgefonnsenteret har søkt Klima- og Miljødepartementet om stønad til å bli eit berekraftsenter for blå-grøn omstilling.

DEL

Etter at Stiftinga Folgefonnsenteret hadde eit møte med statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet 11. juni, bestemte dei seg for å satsa på ei treårig pilotsatsing som berekraftsenter.

– Dette er noko som har vore drøfta i senteret og i styret, om korleis ein kan vidareutvikla profilen til senteret, seier Ivar Baste, dagleg leiar i Folgefonnsenteret.

Han fortel at møtet med Hamar var positivt, og at dei blei oppfordra til å jobba vidare med prosjektet.

– Vi fekk mange gode råd på vegen, så det kan bli spennande å sjå!

Tre satsingsområde

Prosjektet har tre satsingsområde. Det første er å bygga vidare på utstillinga som allereie er i senteret.

– Vi ønskjer å gjera den endå meir interaktiv, med blant anna spel der ein kan læra meir om kva berekraft er, seier Baste.

Senteret har allereie begynt å vidareutvikla utstillinga då dei snart vil få på plass nokre VR-briller besøkande kan prøva.
Satsingsområde nummer to er undervisning.

– Vi har ikkje kome så langt der enno. Vi ønskjer å få midlar til eit undervisningsanlegg, og få på plass eit system med eit opplegg som kan førebu studentane før dei kjem, medan dei er der, og etter dei har dratt, seier Baste. Han legg til at eit slikt undervisingsopplegg kan fungera som eit prosjekt for klassane som kjem.

Den siste biten er å bygga vidare på samarbeid med næringslivet, og grøn omstilling inn mot det.

– Å laga forretningsmodellar, utvikla blå-grøn arbeidskraft, korleis styrka konkurransekrafta og så vidare. Ein er jo ofte nøydd til å liggja litt fram i tid, og ha kunnskap om kva retning samfunnet går i, seier Baste.

Senteret har allereie tunge fagmiljø inne på dette området som jobbar med kor skoen vil trykka i morgon.

Skapa aktivitet i lokalsamfunnet

Om søknaden blir godkjent kan dette også føra til meir aktivitet i lokalsamfunnet.

– Først og fremst vil det jo kunna trekka meir arbeidsplassar til sjølve senteret, men tanken er jo òg at det skal gi ringverknadar – skapa arbeidsplassar og aktivitet i heile Hardanger- og Sunnhordlandsregionen, seier Baste.

Blant anna er det snakk om å samarbeida med aktørar i Sunnhordland og Hardanger inn mot næringslivet.

– I tillegg ønskjer Universitetet i Bergen å bruka senteret meir, der dei blant anna kan ha seminar. Dette vil trekka folk og skapa merksemd, avsluttar Baste.

Artikkeltags