– Formannskapet legg opp til eit tillitsbrot

Svein Ingvald Opdal syntest ingenting om formannskapet si innstilling til finansieringsplanen til Folgefonnsenteret, og meinte det tyda på eit tillitsbrot.

Svein Ingvald Opdal syntest ingenting om formannskapet si innstilling til finansieringsplanen til Folgefonnsenteret, og meinte det tyda på eit tillitsbrot. Foto:

«Tillitsbrot», «manglande respekt» og «alvorleg og destruktivt», var nokre av orda politikarane brukte om formannskapet si innstilling i saka om økonomien til Folgefonnsenteret.

DEL

I sist formannskapsmøte skulle politikarane ta stilling til finansieringsplanen til Folgefonnsenteret. I planen ber styret i stiftinga Kvinnherad kommune om å ettergi 162.254 kroner kommunen har kravd i forseinkingsrenter, og ta over eit lån på 5,7 millionar kroner, då kommunen har betre rentevilkår. Dette var òg ein del av innstillinga til rådmannen i formannskapsmøtet, men formannskapet formulerte ei ny innstilling som blei vedtatt. Då saka kom opp i kommunestyret torsdag var det fleire som reagerte på den nye innstillinga til formannskapet. I innstillinga står det blant anna at vilkår for å gi lån og vidare drøftingar er at stiftinga endrar vedtektene slik at Kvinnherad kommune får rett til å utnemna halvparten av medlemmene i styret inkludert styreleiar.

– Det som bekymrar meg er at formannskapet si innstilling går på tillit. Dei ulike bidragsytarane som har gått inn på finansiering, har gått inn ved å syna tillit til Kvinnherad kommune og dei andre kommunane. Havforskingsinstituttet og Universitet i Bergen har satsa på senteret. Det er heilt unikt at så store institusjonar er med. Og den tilliten har gjort at fire kommunar kan laga grunnlag for eit driftbart senter, sa Svein Ingvald Opdal (MDG).

Han meinte at formannskapet gjennom innstillinga la opp til eit tillitsbrot til dei andre aktørane.

– Det er alvorleg og destruktivt. Eg vil nemna ei sak, rådmannssaka. Den handla om mangel på tillit, og den mangelen har kosta oss 3–5 millionar kroner. Kommunestyret bør læra å bygga tillit mellom samarbeidspartnarane, for senteret er avhengig av det, sa Opdal, og la fram eit nytt forslag.

I forslaget til Opdal stod det at Kvinnherad kommune overtek lånet til Folgefonnsenteret med 5,4 millionar kroner, og at Kvinnherad yter eit årleg tilskot til drift med kroner 350.000 frå 2019 og tre år framover.

– Prega av kjensler

Det var fleire enn Opdal som reagerte på formannskapet si innstilling. Hege Lægreid Røssland (SF), sa at ho fekk inntrykk av at mykje kjensler har prega debatten, og at det var kjensler som låg bak vedtaket i formannskapet.

– Eg synest det vitnar om manglande respekt for stiftinga, og eg meiner vi må vera litt meir nøytrale om dei prosessane, sa Røssland, og ville gå skrittvis fram ved å gå for det opphavelege forslaget til rådmannen.

Også Hilde Enstad (Ap), som sjølv sit i formannskapet, ville legga fram eit nytt forslag.

– Etter at vi hadde møtet i formannskapet har eg prøvd å undersøka litt med tanke på Folgefonnseteret, stiftinga og problematikken, og eg har snakka med aktørar som er med i Folgefonnsenteret og andre politikarar, og har fått ei anna forståing enn det eg hadde i formannskapet, sa Enstad, før ho bad om eit gruppeleiarmøte.

Også Leif Sverre Enes som er med i formannskapet, meinte at innstillinga var drastisk formulert, og la med det fram eit nytt forslag, som blei vedteken i kommunestyret.

I vedtaket står det at senteret får ettergitt dei 162.245 kronene, nytt styremedlem for Kvinnherad er ordføraren, og ny varamedlem er varaordføraren. Det står òg at ordføraren gjennom styret bør arbeida for nye vedtekter, eller eventuelt ny organisering av Stiftinga Folgefonnsenteret, og at ordførar skal komma tilbake til kommunestyret med forslag til løysing i forståing med styret. Til slutt står det at Kvinnherad kommune er, om naudsynt, innstilt på å løyva mellombels driftstilskot for ein kortare periode, og at formannskapet får fullmakt.

Artikkeltags