Vil ta over lånet til Folgefonnsenteret

Styret i stiftinga Folgefonnsenteret ønskjer at Kvinnherad kommune skal bidra betydeleg mykje meir økonomisk framover.

Styret i stiftinga Folgefonnsenteret ønskjer at Kvinnherad kommune skal bidra betydeleg mykje meir økonomisk framover. Foto:

Rådmannen tilrår at kommunen skal ta over lånet til Folgefonnsenteret, i tillegg til å ettergi eit krav på 162.245 kroner.

DEL

Ut i frå innstillinga til Rådmannen til formannskapsmøtet torsdag, ser det ut til at Kvinnherad kommune skal ta eit større ansvar for økonomien til Folgefonnsenteret (FS).

Styret i FS har lagt fram ein finansieringsplan, der dei ønskjer at Kvinnherad kommune blant anna tar over lånet på 5,7 millionar kroner, og at FS får ettergitt 162.245 kroner, som kommunen har gjort krav på i forseinkingsrenter.

I saksutgreiinga til rådmannen står det at «I finansieringsplanen som styret no legg fram vert det lagt opp til betydelege bidrag frå vertskommunen. Dette gjeld i form av direkte løyvingar, men òg i form av at kommunen skal ta fleire kostnadar som straum, IKT og reinhald, som normalt ligg hos driftar av bygget».

Rådmannen meiner også at viss senteret i større grad skal driftast med tilskot frå Kvinnherad, bør vedtektene vurderast og eventuelle justeringar leggast til grun for ein eventuell samarbeidsavtale.

Rådmannen presiserer også i saksutgreiinga at han ikkje vil innstilla på finansieringsplanen til styret utan at den blir arbeidd meir med frå kommunen si side. Difor ønskjer han at ei politisk arbeidsgruppe med to representantar frå posisjonen og éin frå opposisjon, skal ha dialog med styret i stiftinga med tanke på ny samarbeidsavtale og endringar i vedtektene.

Artikkeltags