La ned grunnsteinen

Folgefonna-ordførarane hadde med seg kvar sin grunnstein som dei la ned på tomta der det nye Folgefonnsenteret vert bygd. Frå venstre: Sigve Sørheim (Etne), Jon Larsgård (Jondal), Synnøve Solbakken (Kvinnherad), John Opdal (Odda) og Kåre Grønsnes (Ullensvang).

Folgefonna-ordførarane hadde med seg kvar sin grunnstein som dei la ned på tomta der det nye Folgefonnsenteret vert bygd. Frå venstre: Sigve Sørheim (Etne), Jon Larsgård (Jondal), Synnøve Solbakken (Kvinnherad), John Opdal (Odda) og Kåre Grønsnes (Ullensvang).

Artikkelen er over 2 år gammel

Håpet er at det nye Folgefonnsenteret skal bli ein ny og viktig turistattraksjon for kommunane rundt Folgefonna. Dermed var det naturleg at det var ordførarane i Jondal, Ullensvang, Odda, Etne og Kvinnherad som tysdag fekk æra av å leggja ned kvar sin grunnstein til nye bygget som skal stå ferdig om eit år.

DEL

Det nye bygget hadde frå starten av ein prislapp på 24 millionar kroner, men i dag er ramma auka til 30 millionar. Kvinnherad sin del i spleiselaget med Hordaland Fylkeskommune og private næringsaktørar, er ni millionar, pluss verdien av tomta som er stilt vederlagsfritt til disposisjon. Folgefonnsenteret skal bli ein kombinasjon av oppleving- , læring- og forskingssenter. Ei eiga stif-ting skal stå for sjølve drifta av senteret.

– Dette er eit resultat av eit langt og godt arbeid. Folgefonnsenteret skal bli eit nytt internasjonalt turistmål, sa ordførar Synnøve Solbakken då ho ønskte velkomen til nedlegging av grunnstein, eller rettare sagt grunnsteinane.

Ordførar i Odda – John Opdal, ordførar i Jondal – Jon Larsgård, fungerande ordførar i Etne – Sigve Sørheim og varaordførar Kåre Grønsnes frå Ullensvang hadde teke med seg ein grunnstein frå sine respektive kommunar.

Arve Opsanger som har vore leiar i styringsgruppa og Magne Øyre som har vore prosjektleiar, fekk ei spesiell takk for den store innsatsen dei har lagt ned for det nye senteret.

– I ei økonomisk vanskeleg tid har det ikkje vore lett å finna 10 mil-lionar som er Kvinnherad sitt bidrag i prosjektet. Det har vore store utfordringar, men vi har jobba godt saman, slik at vi har fått det til, sa Arve Opsanger under seremonien på Skålakaien på tysdag ettermiddag.

Ifølgje Byggservice som har fått jobben med å reisa bygget, skal det stå ferdig i august neste år. Den offisielle opninga er planlagd våren 2017.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags