«Som kvinnhering og politikar er det flaut å vera vitne til dette destruktive spelet»

Av
DEL

MEININGARFor to år sidan vart Folgefonnsenteret høgtideleg opna av statsminister Erna Solberg frå partiet Høgre. Statsministeren har utmerka seg som ein politikar som snakkar ofte om kunnskapsnasjonen Noreg, og om tydinga av forsking og utdanning. Føremålet med Folgefonnsenteret er å støtta reiselivsnæringa med nye heilårlege opplevingar og aktivitetar og å vera eit nasjonalt flaggskip på forskingsformidling.

Initiativet til senteret kom frå Kvinnherad, men for å løfta fram finansiering og fagleg innhald, vart fylkeskommune, næringsliv, fire nabokommunar, Universitetet i Bergen, Havforskingsinstituttet, Forskingsråd, Miljødirektoratet og Sparebankstiftelsen DNB invitert med. Til saman vart det investert 50 millionar, der 38 millionar (76 %) var gåver frå dei inviterte «gjestene» og 12 millionar (24 %) var bidrag frå vertskapskommunen Kvinnherad.

Alt eit år før opninga, visste kommunen og styret at det mangla om lag seks millionar for å fullfinansiera innhaldet i senteret. Dette trass i at utstillinga er laga i digitalt format, som er kostnadseffektivt både å produsera og fornya. Største parten av denne summen er kostnad til konsulentar innleigde av Kvinnherad kommune.

På bestilling frå ordførar i Kvinnherad og dei andre stiftarane, utforma dagleg leiar og styreleiar i september 2018 eit notat om økonomien til senteret og forslag til løysing på kort og lang sikt. Løysinga på den økonomiske utfordringa er sanering av lånet (som Kvinnherad har garantert for), og å sikra driftsmidlar til marknadsføring og drift av det flotte senteret Kvinnherad har fått.

I oktober 2018 stilte eg på vegne av MDG spørsmål til ordføraren i kommunestyret om utfordringane og drift av Folgefonnsenteret. Svaret frå ordføraren og andre som tok ordet i møtet, var svært positive. Seinare kom det sak til formannskapet med forslag til løysingar i tråd med dagleg leiar sitt notat. Denne saka kom ikkje vidare til kommunestyret, og utfordringane er som før.

Så det er på sin plass å spørja: Kva gjer vertskapskommune med Høgre i spissen? Som kvinnhering og politikar er det flaut å vera vitne til dette destruktive spelet. Kvinnherad har store ressursar og må no ta ansvar for den flotte gåva frå alle gjevarane.

Miljøpartiet Dei Grøne i Kvinnherad vil at vertskapskommunen tilfører Folgefonnsenteret ressursar slik at det kan vera eit fyrtårn for reiseliv og kunnskap i samsvar med føremålet for senteret.


Svein Ingvald Opdal

Miljøpartiet Dei Grøne Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags