Manglar fire millionar

DYRARE: Folgefonnsenteret blir fire millionar dyrare enn budsjettert. (Skisse: B & B arkitekter)

DYRARE: Folgefonnsenteret blir fire millionar dyrare enn budsjettert. (Skisse: B & B arkitekter)

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Under tvil, så ber rådmannen politikarane om å auka tilskotet til det nye Folgefonnsenteret i Rosendal.

DEL

Prosjektet har vore lyst ut på anbod. Etter at anbodsfristen og påfølgjande forhandlingar viser det seg at prisen for prosjektet er kome opp i 23.530.000 kroner. I tillegg kjem andre kostnadar med 4.440.000, og prosjektet får då ei samla kostnadsramme på 27.070.000. Dermed manglar ein 4,5 millionar for å fullfinansiera Folgefonnsenteret.

Styringsgruppa for prosjektet som vert leia av Arve Opsanger, har drøfta resultatet av anbodskonkurransen. Blant anna er det vurdert om ein skulle avlysa anbodskonkurransen og lysa den ut på nytt. Men det vil krevja ei omarbeiding av prosjektet, og ein ny konkurranse, noko som vil føra til betydelege ekstrakostnader.

Styringsgruppa har konkludert med at resultatet av anbodskonkurransen er marknaden sitt svar på førespurnaden, slik situasjonen er i dag.

— Styringsgruppa vil difor be dei ulike bidragsytarane gå ut og invitera andre investorar til å delta i prosjektet, heiter det i saksutgreiinga til formannskapet som skal ha saka på bordet i morgon (torsdag).

Styringsgruppa ber vidare om at kommunen sitt bidrag vert auka med 2 millionar til ei samla kommunal løyving på 9 millionar.

Det går rådmannen, under tvil, med på.

— Ut frå kommunen sin økonomiske situasjon, så stiller rådmannen seg tvilande til å auka kommunen si lånegjeld. Men på den andre sida, så er dette eit prosjekt der to tredjedelar av kostnadane er finansiert av eksterne aktørar. Kvinnherad kommune vert eigar av bygget, og det vil utgjera ein betydeleg verdi for kommunen, skriv rådmannen.

Han rår til ei kommunal tilleggsløyving på 2 millionar som vert innarbeidd i økonomiplanen for 2016.

Klarar ein å få fullfinansiert Folgefonnsenteret, så kan arbeidet starta opp til hausten og stå ferdig august neste år.

Prosjektleiar Magne Øyre, kan ikkje opplysa om kor mange som deltok i anbodskonkurransen.

— Nei, det kan eg ikkje på grunn av at anbodskonkurransen ikkje er lukka enno. Vi ventar på ei avklaring i formannskapet, seier Øyre.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags