Dagens bilde er frå då Rosendal Musikklag stilte opp og spelte i to timar under opninga av Folgefonnsenteret tysdag 2. mai. – vi var 36 mann. Det er sjeldan dei klarer å stilla så mange musikantar, heile 36 stykk! Laget hadde verkeleg prioritert oppgåva og hadde tre ekstra øvingar inkludert 1. mai. Det kostar mykje tid og pengar, men publikum sette pris på at dei løfta opninga med flott musikk.

Fredagar vil Kvinnheringen presentera dagens bilde både i nettavisa og i papiravisa. Vi håpar fleire vil senda inn bilde til oss på e-post, og det kan du gjera her. Hugs å beskriva kva som er på bildet og kven som er fotografen.