Folgefonnsenteret: Krev styringa som vilkår for kommunal drift

Kvinnherad kommune ønsker full kontroll over Folgefonnsenteret. (Foto: Marie Skaaluren).

Kvinnherad kommune ønsker full kontroll over Folgefonnsenteret. (Foto: Marie Skaaluren).

Formannskapet vil at kommunen hjelper Stiftinga Folgefonnsenteret økonomisk, men då må visse vilkår innfriast.

DEL

Torsdag fekk formannskapet den krevjande økonomien i Stiftinga Folgefonnsenteret på bordet. I Rådmannen si innstilling var det i punkt ein føreslått å ettergi 162.245 kroner som kommunen har kravd i forseinkingsrenter. Vidare (punkt to) å låna stiftinga 5,7 millionar kroner, slik at senteret kan kvitta seg med eit tilsvarande lån på dårlegare vilkår som kommunen er garantist for. Dette vil «redusera stiftinga sine årlege kapitalkostnader med 62.000 kroner i 2019 og frigjera 780.000 kroner som i dag står på sperra konto og avgrensar stiftinga sin tilgjengelege likviditet», går det fram av finansieringsplanen for senteret. I tillegg føreslo Rådmannen i eit punkt tre å setja ned ei politisk arbeidsgruppe for å utarbeida ein samarbeidsavtale som kan leggjast fram for kommunestyret.

Men politikarane ville ta eit endå fastare grep om Folgefonnsenteret, og Leif Sverre Enes (H) la fram ei alternativ innstilling som fekk full oppslutnad i formannskapet. Der vart det lagt til at både punkt to om lånet og punkt tre om arbeidsgruppe berre kan skje på visse vilkår, utforma i eit punkt fire:

«Vilkår for å gje lån og vidare drøftingar er at stiftinga endrar vedtektene slik at Kvinnherad kommune får rett til å utnemna halvparten av medlemene i styret, inkludert styreleiar. Forslaget til finansieringsplan frå styret i Stiftinga Folgefonnsenteret legg slik den ligg føre i praksis opp til kommunal drift av senteret. I ein slik situasjon må kommunen få bestemmande innverknad i styret».

Gretha Rød (Ap) kommenterte forslaget slik:

– Det er eit godt forslag, men det eg saknar er at Folgefonnsenteret kjem opp med ein realistisk plan for korleis det skal klara seg. Vi kan ikkje redda det igjen og igjen. I utgangspunktet er det ein uting at vi går inn på denne måten, men vi må gjera det for å visa korleis det kan bli ei oppegåande senter.

Peder Sjo Slettebø (H) understreka at forslaget har som føresetnad at Kvinnherad kommune får fleirtal i styret.

Rød sin kommentar fekk Ove Lemicka (Frp) til å replisera på denne måten:

– Eg òg støttar forslaget, og – merk dykk det – er eg heilt samd med Gretha. Vi må få laga gode og offensive planar for korleis ein kan koma i positivt lende også på inntektssida. Mykje godt er gjort, det er eit flott senter, men her er viktige område det ikkje er fokusert på. Til dømes er vi ein stor havbrukskommune og ein må få til eit samarbeid med oppdrettsnæringa, i tillegg til det som er av klima- og framtidsforsking.

Lemicka føreslo også at alt utstyr i senteret må pantsetjast til fordel for den som gir lån, og at ei ny ordning for senteret må på plass før ein tilset ny dagleg leiar.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags